Forskrift om utrekning av meinerstatning ved pasientskadar
NPE er i gang med å lage utkast til forskrift om utrekning av meinerstatning på pasientskadeområdet. Det er nedsett ei referansegruppe for å sikre brukarinvolvering og det er avgjort kva medisinske område som skal prioriterast.
NPE fekk oppdraget frå Helse- og omsorgsdepartementet (HOD). Vi har nedsett ei arbeidsgruppe med deltakarar frå NPE og Helseklage. Arbeidsgruppa har frist ut året med å levere oppdraget.
Involvering av brukarane i arbeidet
NPE er opptekne av openheit og involvering i arbeidet med å lage utkast til forskrift.
-Vi ynskjer å lage ei best mogleg forskrift og difor er det viktig for oss å få innspel frå brukarorganisasjonane og andre som jobbar med pasientskadeerstatning, seier avdelingsdirektør for juridiske oppgåver og sakkunnig utgreiing, Vibeke Bugge Møllhausen.
NPE hadde informasjonsmøte om arbeidet med forskrifta i juni. Her deltok representantar frå brukarorganisasjonar, advokatar og andre som jobbar med pasientskadesaker. Det var lagt opp til dialog, spørsmål og kommentarar.
Referansegruppe
NPE har nedsett ei referansegruppe for å sikre innspel frå brukarorganisasjonar og andre som jobbar med pasientskadeerstatning.
Referansegruppa er samansett av:
- Norsk Pasientforening ved Gry Pedersen
- Advokat for skadelidne Janne Larsen, Advokatfirmaet Roander og co
- Personskadeforbundet og Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon ved Per Oretorp
- Pasient- og brukarombodet i Oslo og Akershus ved Anne- Lise Kristensen
- Finans Norge ved Truls Nygård
Fyrste møte med referansegruppa er i starten av september.
Utvalde skadeområde
I oppdraget frå HOD står det at NPE skal beskrive dei områda som bør prioriterast fyrst. Vi vil prioritere følgjande område:
- gynekologi
- mage/tarm
- hjartet
- smertetilstandar
Tanken er at vi vil levere utkast til nye skadeområde jamleg i 2019 og framover.
Ordinær høyring
NPE vil levere eit utkast til HOD. Korleis forskrifta vil sjå ut er det opp til departementet å avgjere. HOD vil på vanleg måte sende forskrifta på høyring, der alle kan kome med innspel.