Forskrifta om meinerstatning på pasientskadeområdet er sendt på høyring

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) sende 20. mai på høyring forslag til ny forskrift om meinerstatning ved pasientskadar. Forslaget er utarbeidd av NPE på oppdrag frå departementet.

Skriv ut Bokmål | English | 18. juni 2019

- Vi er veldig spente på innspela som høyringsinstansen til forskrifta har. Føremålet med forskrifta er å sikre likebehandling ved saksbehandling av tilnærma like erstatningskrav og førehandskjende vilkår for erstatningssøkjarane, seier avdelingsdirektør for juridiske oppgåver og sakunnig utgreiing, Vibeke Bugge Møllhausen.

NPE sitt forslag til forskrift er inndelt i tre delar.

  • Del I utdjupar dei grunnleggjande vilkåra for meinerstatning ved pasientskadar.
  • Del II og III er ei vidareføring av tilsvarande delar i gjeldande forskrift om meinerstatning ved yrkesskade, med forslag til endringar og til nye medisinske område.

HOD foreslår òg ei endring i pasientskadelova som gir departementet heimel til å gi forskrift om meinerstatning ved pasientskadar. Heimelen skal òg omfatte forskrifter som på enkelte punkt fråvik reglane om meinerstatning i skadeserstatningslova.

Departementet ber om innspel frå høyringsinstansane  innan 2. september 2019.