Høgsterettsdom om psykiske skadar hjå næraste pårørande

Dommen frå Høgsterett av 30.10.2018 varslar ei justering av praksis ved erstatning til næraste pårørande.

-Dommen gir viktige signal frå Høgsterett i spørsmålet om erstatning for psykisk skade til nærståande, seier Vibeke B. Møllhausen.

Skriv ut Bokmål | English | 12. desember 2018

Saka Høgsterett behandla gjeld retten til erstatning for økonomisk tap på grunn av psykisk skade, som ei mor blei påført då barnet hennar døydde på sjukehus. Ein 15 år gamal gut med Downs syndrom blei lagd inn på sjukehus med mellomgolvsbrokk. I ambulansen frå lokalsjukehuset til sentralsjukehuset, drog guten ut ein ventrikkelsonde, som var lagd for å motverke trykk mot lunger og hjarte. Ved akuttmottaket på sentralsjukehuset forklarte overlegen til legen og sjukepleiaren som tok imot at sonden måtte etablerast på nytt. Dette gjorde dei likevel ikkje.

I staden fekk guten smertestillande og sovemedisin, og i løpet av natta døydde han av hjartestans, med mor si sovande i senga attmed. Mora blei vekt av ein telefon frå den andre sonen sin like før kl. 08. Ho oppdaga då at sonen var blå i huda og at han ikkje pusta. Ho tilkalla personalet med ein gong, og blei vitne til at personalet prøvde å gjenopplive sonen, men at det ikkje lukkast. Guten blei erklært død kl. 8.45 same morgon.

Avslag frå NPE og Helseklage ved Pasientskadenemnda (PSN)
Som ei følgje av påkjenninga fekk mora angst, nervøsitet, depresjon og søvnvanskar. Ho kravde erstatning for det økonomiske tapet som dette gav henne. NPE avslo søknaden på bakgrunn av etablert praksis frå PSN og gjeldande rettspraksis. PSN stadfesta avslaget.  

Einstemmig dom i Høgsterett
Høgsterett kom til at det no ligg til rette for ei viss justering av erstatningspraksis. Dei meiner at den psykiske skaden til mora gir rett til erstatning etter pasientskadelova. 

Sist gong spørsmålet om erstatningsansvar for psykiske skadar hjå nærståande var oppe for Høgsterett var i 1985 i den såkalla Hauketo-dommen. Det er altså lenge sidan dette spørsmålet var behandla av den øvste domstoen vår. Praksisen i Høgsterett har fram til no berre reint unnataksvis gitt rett til erstatning i denne typen saker.   

- Eg meiner det er ei rett og rimeleg justering av erstatningspraksis ved  psykiske skadar hjå nærståande, seier avdelingsdirektør for juridiske oppgåver og sakkunnig utgreiing, Vibeke Bugge Møllhausen. Vi vil bruke dei retningslinjene Høgsterett har trekt opp, når vi behandlar denne typen saker i framtida.

Høgsterett viser til spesifikke utviklingstrekk knytte til psykiske skadar
I dag har ein djupare innsikt i psykologiske skadar, årsakstilhøve og komplekse sorgreaksjonar. Denne kunnskapen inneber mellom anna at ein i større grad enn før vil kunne sjå på psykiske skadar som påreknelege, når nokon misser eit barn.

Det erstatningsrettslege fagmiljøet har i meir enn 40 år stilt spørsmål ved den veldig strenge praksisen Høgsterett har i denne typen saker. Utviklinga elles i Europa ser ut til å gå i retning av eit vidare erstatningsrettsleg vern. Ei oppmjuking av norsk rett er ynskjeleg for å tilpasse praksis i desse sakene betre til samfunns- og rettsutviklinga elles.

Høgsterett meiner òg at nemninga «sjokkskade» er uheldig, fordi det kan oppfattast som om ein har å gjere med eit heilt særeige erstatningsrettsleg fenomen, som er meir eller mindre lausrive frå den vanlege erstatningsretten.  

Spesielle omsyn til avgrensingar
Høgsterett viser til at det er ei langvarig og etablert rettsoppfatting og at dette talar mot å utvide erstatninga for mykje. Sjølv om grunnlaget for den opphavelege svært strenge praksisen i Høgsterett er svekt, så har det ikkje falle bort.

Høgsterett viser til at det framleis er god grunn til å trekkje nokså snevre rammer for kva personkrins som er omfatta, og ta utgangspunkt i at vedkomande må høyre til den indre kjernen av pårørande.    

Bakgrunnen for at det no ligg til rette for ei viss justering, er tilfelle der nokon misser barnet sitt som følgje av handling eller hending som kan føre til erstatning, eller der barnet på denne måten blir alvorleg skadd. Det bør ikkje lenger stillast krav om at skadesituasjonen var heilt ekstraordinær eller særleg gruoppvekkjande. Grensene bør vere ein del romslegare og trekkjast ut frå følgjande linjer:

  • Den heilt spesielt nære personlege og kjenslemessige bindinga, som ein forelder har til  barnet sitt, fører til at det alltid vil vere ei tung psykisk påkjenning når eit barn døyr eller blir hardt skadd. Det er generelt ikkje upårekneleg med ein reaksjon som òg inneber ein psykisk skade hjå forelderen.
  • Dette gjeld sjølv om ingen kokrete personar kan lastast for dødsfallet, og sjølv om ikkje forelderen sjølv er til stades når barnet døyr eller blir skadd.
  • Det må vere tilhøve knytte til skadesituasjonen, eller omstenda rundt han, som i seg sjølv representerer ei særleg påkjenning for forelderen, utover sjølve tapet av, eller skaden på, barnet.
  • Nærleiken mellom den psykiske skaden hjå forelderen og den skadegjerande handlinga eller hendinga vil vere eit moment i denne vurderinga.
  • Ein må her, innan rimelege grenser, knyte vurderinga til føresetnadene den konkrete forelderen har, anten vedkomande er vanleg robust eller meir enn vanleg sårbar.

Erstatningsutrekninga
Høgsterett trur at det i ein del tilfelle nok vil kunne vere spørsmål om å avgrense dekninga til ein overgangsperiode, men det må vurderast konkret i kvar einskild sak. 

Høgsterett si vurdering av den konkrete saka
Mora la seg til å sove i senga attmed barnet sitt på sjukehuset, og var trygg på at barnet hennar ville bli passa på av kunnig personell òg gjennom natta. Det var med denne forventinga ho vakna dagen etter og fant barnet utan pust og blå i huda. Ho måtte sjølv tilkalle helsepersonell for at det kunne bli sett i gang forsøk på gjenoppliving.

Høgsterett uttalte at det ikkje er tvil om at desse omstenda omkring sonen sin død var ei særleg påkjenning for mora. Påkjenninga står i direkte samanheng med svikten i helsehjelpa overfor barnet. Den psykiske skaden til mora på grunn av påkjenningane i samband med sonen sin død er då ikkje så upårekneleg at ho ikkje kan få erstatning.  

Høgsterett tok berre stilling til at skaden til mora gir henne rett til erstatning, ikkje til sjølve erstatningssummen.