Hugs tilskotsplikta til NPE

Alle verksemder som gir helsehjelp utanfor den offentlege helsetenesta skal betale tilskot til NPE. For 2018 er det frist for registrering 1. februar. Oppføringa blir fornya automatisk, så om du ikkje har nokon endringar i helsepersonellgrupper, årsverk eller kontaktopplysingar, treng du ikkje registrere på nytt.

Inger Skiaker, Inge Krokan og Inge Hansen i NPE hjelper deg gjerne om du har spørsmål om tilskotsplikta til NPE. Du kan nå dei på telefon 22 99 37 70 eller på e-post npeprivat@npe.no

Skriv ut Del 12. februar 2018

Bokmål versjon

Del artikkel på startsiden

Dekkjer kostnader til erstatningssaker

Tilskotsordninga for privat helseteneste sikrar at pasientar som har fått ein skade etter feilbehandling, får den erstatninga dei har krav på. Tilskotsordninga dekkjer kostnader til å utgreie erstatningssakene og å betale ut erstatning til pasientar og pårørande.

Eigne forsikringar fritek ikkje frå tilskotsplikta

Plikta til å betale tilskot til NPE er ei lovpålagd plikt etter helsepersonellova. Om ein har forsikring gjennom profesjonsforeininga, eller har eiga norsk eller utanlandsk ansvarsforsikring, fritek ikkje dette for plikta til å melde frå og betale tilskot.

Ulike tilskotssatsar

Tilskota er rekna ut frå ulike risikogrupper for ulik type helsepersonell. Det er 34 ulike helsepersonellgrupper. Heile oversikta over dei ulike risikogruppene finn du på nettsidene våre.

Konsekvensen av ikkje å overhalde melde- og tilskotsplikta

NPE vil krevje tilskot etterbetalt om det er år der verksemda er tilskotspliktig og ikkje har betalt tilskot. I tillegg vil NPE i saker der pasienten får medhald, krevje regress av verksemda som har feilbehandla pasienten. Det vil seie at NPE kan krevje regress både for erstatningssummen som er utbetalt og utgiftene til å saksbehandle kravet.

Meir informasjon

Du finn utfyllande informasjon om tilskotsordninga og tilskotssatsene for dei ulike helsepersonellgruppene på nettsidene våre.