Informasjonsmøte med Helse- og omsorgskomiteen

NPE har saman med Helseklage blitt invitert til møte med Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget for å orientere komiteen om sentrale sider ved pasientskadeordninga.

NPE og Helseklage informerte komitemedlemane om pasientskadeordninga.

Helse- og omsorgskomiteen

Skriv ut Bokmål | English | 31. januar 2018

Frå NPE stilte direktør Rolf Gunnar Jørstad, avdelingsdirektør Anne-Mette Gulaker og kommunikasjonsrådgivar Torill Svoldal Stæhr. Helseklage var representert med direktør Rose-Marie Christiansen.

Medlemane i komiteen får ofte direkte førespurnader frå folk om pasientskadesaker. Dei hadde mange konkrete spørsmål om korleis pasientskadeordninga fungerer i praksis, utrekning av erstatningssummane og klageordninga.

Dei var òg opptekne av korleis helsetenesta kan lære av pasientskadesakene, og korleis NPE brukar det store erfaringsmaterialet vi har inn mot helsesektoren.

For oss i NPE var dette eit fint høve til å informere komitemedlemane om pasientskadeordninga og svare på spørsmål dei hadde.