Kan eg søkje erstatning for skaden min?

NPE lanserer no ei digital teneste «Kan eg søkje erstatning for skaden min?». Her kan erstatningssøkjarane fylle ut nokre enkle spørsmål i eit nettskjema og få ein peikepinn på om dei har krav på erstatning eller ikkje.

Skriv ut Bokmål | English | 26. september 2018

Regelverket for pasientskadeerstatning er komplisert og kan vere vanskeleg å setje seg inn i. Servicesenteret i NPE får mange telefonar frå brukarar som er usikre på om dei har rett til erstatning, og som lurer på om det har noko for seg å sende inn ein søknad.

- Vi har utvikla denne tenesta for at brukarane kan få ein gjennomgang av dei viktigaste vilkåra som må vere oppfylte for at ein skal få erstatning, og dermed gi dei eit betre grunnlag for å vurdere om dei vil sende inn ein søknad, seier direktør Rolf Gunnar Jørstad.

«Kan eg søkje erstatning for skaden min?» vil ta brukarane steg for steg gjennom dei mest sentrale punkta i regelverket, på ein lettfatteleg og pedagogisk måte. Dei kan sjå hovudkriteria for å få erstatning og vurdere det opp mot sin eigen situasjon. Ved å ta denne enkle sjekken får dei òg eit bilde av dei viktigaste temaa som blir vurderte i ei pasientskadesak.

I Danmark og Sverige har pasientskadeordningane innført ein slik sjekk, og erfaringane derifrå er at tenesta blir mykje brukt.

-Vi håpar at brukarane våre òg vil oppleve dette som ei nyttig teneste, avsluttar Jørstad