Koronavirus

NPE følgjer råda til helsemynda for å avgrense koronasmitten og innfører tiltak i tråd med dette. Drifta vil bli påverka av tiltaka. Betalingsfristen for privat helseteneste er utsett til 1. juni.

Skriv ut Bokmål | English | 2. april 2020

Helsemynda oppmanar til kontaktreduserande tiltak for å avgrense smitten i befolkninga. Dei ber arbeidsgivarar om å bidra i ein fellesdugnad for å få til dette, mellom anna ved bruk av heimekontor og fleksible arbeidstider.

Heimekontor

Vi har no innført at alle tilsette skal jobbe på heimekontor.  Det er for å redusere talet personar som reiser kollektivt samtidig i rushtida, og kontakt som kan bidra til å spreie smitte mellom tilsette.

Sjølv om vi no innfører heimekontor, vil saksbehandlarane vere på jobb og skal svare på førespurnader frå søkjarar på vanleg måte, på e-post, telefon og Mi side.

Smitte og karantene

Medarbeidarar kan bli langvarig borte frå jobb, anten ved mistanke om sjukdom eller stadfesta sjukdom, eller dei kan bli sette i karantene i 14 dagar etter nærkontakt med personar som er smitta. Mynda forventar at talet medarbeidarar som vil bli berørte av dette blir høgare enn under dei årlege influensaepidemiane.

Forseinka dokumentasjon i pasientskadesakene

Vi er førebudde på at det går lenger tid før vi får journalar og annan dokumentasjon frå helsetenesta, som vi treng for å ta stilling til erstatningskrava.

Saksbehandlingstida vil kunne auke

Vi trur at summen av tiltaka vil påverke drifta, slik at vi ikkje er så effektive som normalt. Saksbehandlingstida vil difor kunne bli lenger enn ho er i dag. Vi vil oppdatere nettsidene med informasjon om dette.

Utsett betalingsfrist for privat helseteneste

På grunn av den pågåande situasjonen med koronavirus, er betalingsfristen for tilskot til NPE utsett til 1. juni. Du treng ikkje sende oss ytterlegare melding om dette.

Om det er behov for å oppdatere årsverket for 2020, ber vi dykk vente med dette til situasjonen med virusutbrotet er avklart. Vi minner om at det er det gjennomsnittlege årsverket for kalenderåret sett under eitt som skal meldast inn.