Kvifor må tannlegar betale tilskot til NPE - og kva skal det dekkje?

Tannlegar som behandlar pasientar utanfor den offentlege helsetenesta har plikt til å melde seg inn i tilskotsordninga i Norsk pasientskadeerstatning (NPE), og betale eit årleg tilskot.

Tannlegesakene i NPE 2009 - 1. halvår 2017

  • Tal saker tekne imot: 2371.
  • Tal vedtak: 1969; 766 medhald og 1203 avslag/avvist/lagd bort.
  • Del medhald: 39 prosent.
  • Erstatningsutbetalingar: 69,5 millionar kroner

Regresskrav sende ut per 3. kvartal 2017

  • Tal: 64.
  • Sum: 4,4 millionar kroner

Skriv ut Bokmål | English | 23. februar 2018

Tilskotet skal dekkje utgreiinga NPE gjer av erstatningssaker og erstatningsutbetalingar. Det er berre NPE som dekkjer pasientskadar. Andre forsikringar vil ikkje dekkje pasientskadar.

Slik melder tannlegar seg inn i tilskotsordninga

Tannlegar melder seg inn i tilskotsordninga via nettsidene til NPE – npe.no.

Ved innmelding må tannlegen sjølv melde kva helsepersonellgruppe og del årsverk verksemda skal registrerast med for dei ulike åra.

- Dette gir grunnlaget for å rekne ut rett tilskot. Om tannlegen ikkje gir oss denne informasjonen, vil vi etter beste skjøn skrive ut ein faktura med opplysingar vi trur skal vere registrerte, seier seniorrådgjevar Inge Krokan. Han er fagansvarleg for privat helseteneste i NPE.

Tannlegane vil vere dekte av tilskotsordninga når dei har meldt inn verksemda med rette opplysingar, og betalt tilskot for alle åra dei har arbeidd som tannlege. Det gjeld òg om verksemda har blitt etterinnmeld og tilskotet er etterbetalt. Ein føresetnad er at dette blei gjort før eventuelle erstatningskrav blei melde til NPE.

Kva skjer om tannlegen ikkje har betalt tilskotet?

Tannlegar som ikkje har betalt tilskot, vil få krav om etterbetaling av tilskot for åra dei har vore tilskotspliktige. NPE kan gi medhald for skadar som har skjedd i ein periode der tannlegen ikkje var dekt av tilskotsordninga. Då vil tannlegen få krav om å dekkje erstatningsutbetalingar og saksbehandlingskostnader, såkalla regress. Pasienten vil i alle tilfelle vere dekt av tilskotsordninga.

Ein tannlege kan ende opp med ein stor meirkostnad om han eller ho ikkje har meldt seg inn i tilskotsordninga, og ikkje har betalt det årlege tilskotet.

Eksempel på økonomiske konsekvensar for ein tannlege

NPE gav medhald til ein erstatningssøkjar for skadar etter feil og mangelfull brubehandling.

Utgifter for tannlegen Betalt tilskot Ikkje betalt tilskot
Erstatningsutbetaling 0 575 000
Saksbehandlingskostnader 0 30 850
Tilskot 2017 - eitt årsverk for helsepersonellgruppa Øvrige tannlegar 12 569 0
Etterbetaling av tilskot 0 12 569
Sum 12 569 618 419

Utrekning av erstatninga er heilt individuell, og blir avgjort mellom anna av kva pasientskaden har ført til og privatøkonomien til erstatningssøkjaren.

I denne saka resulterte tannbehandlinga i kroniske smerter. Skaden er varig og monaleg, og erstatningssøkjaren har vore sjukmeld i periodar. Erstatningsutbetalinga skal dekkje fylgjande:

  • Inntektstap (frå skaden skjedde, fram til erstatninga er ferdig utrekna)
  • Meinerstatning (økonomisk kompensasjon for tapt livsutfalding)
  • Utgifter

I nokre saker kan det òg vere aktuelt å gi erstatning for framtidig inntektstap.

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål, kan du kontakte NPE på tlf. 22 99 37 70, e-post: npeprivat@npe.no