Leiinga i NPE på nordisk leiarsamling

I byrjinga av september var leiargruppa i NPE på årleg nordisk leiarsamling i Stockholm. I alt 16 leiarar frå dei fem nordiske pasientskadeordningane møttest til tre dagar med gjensidig informasjon, gode diskusjonar og hyggeleg kollegialt samvær.

Skriv ut Bokmål | English | 24. oktober 2018

Dei nordiske landa er unike i at dei alle har gode pasientskadeordningar, der pasientar og pårørande kan få vurdert om dei har rett til erstatning etter feilbehandling. Dei fleste stader i verda må pasienten og pårørande anten fremje eit krav mot eit forsikringsselskap eller gå til sak mot sjukehuset eller behandlaren for å få erstatning. I dei nordiske landa er terskelen lågare, og ein har oppretta erstatningsordningar.

Viktig med kunnskapsdeling

- Pasientskadeordningane i dei nordiske landa har ein del til felles, som gjer at det er svært nyttig for oss å dele erfaringar på tvers av landa, seier direktør i NPE, Rolf Gunnar Jørstad. – Dette er det sekstende året vi har slike leiarsamlingar, og kunnskapsdelinga på desse møta er viktig for oss i utviklingsarbeidet vårt, seier han.

Vellukka prosjekt i Noreg etter modell frå Danmark

Som eit døme på nyttig kunnskapsdeling mellom landa, trekkjer Jørstad fram erfaringane danskane har med ein avdeling som snøggbehandlar visse saker, slik at dei andre saksbehandlingseiningane konsentrerer seg om saker som treng meir utgreiing.

Inspirert av denne måten å organisere saksbehandlinga, prøvde NPE i eit utviklingsprogram ut ei liknande eining som blei kalla Team ekspress.

– Vi ynskte å prøve ut at eit team går gjennom alle saker som kjem inn til NPE, for å setje sakene på rett spor med ein gong, samtidig som teamet sluttbehandlar saker som eignar seg for rask avklaring, fortel Jørstad.

- Denne måten å jobbe på var inspirert av Patienterstatningen i Danmark. Vi såg på hovudtrekka i modellen frå Danmark, og tilpassa han kvardagen vår. Det er nettopp på slike leiarsamlingar vi får delt denne typen gode idear, seier han.

Fokus på brukaropplevingar

På dette møtet i Stockholm var det mykje fokus på brukaroppleving og korleis erstatningssøkjarane tek imot og forstår informasjon frå ordningane. NPE ser i brukarundersøkingane sine at ein del brukarar ikkje forstår vedtaket, spesielt når dei får avslag. Dei andre nordiske ordningane ser tilsvarande resultat. Klarspråk og god formidling er alle opptekne av, og det var gode diskusjonar om korleis ein kan auke forståinga hos brukarane.

Den lærande organisasjonen

Den svenske organisasjonen LÖF fortalde om det utfordrande i å finne den rette balansen mellom fornuftig bruk av medisinske sakkunnige opp mot saksbehandlingstid og kostnader. Kunnskapsoverføring frå erfarne til nyare saksbehandlarar er eit viktig element i å få til ein tenleg bruk av sakkunnige.

– Både LÖF og vi er opptekne av at erfarne medarbeidarar støttar dei nye saksbehandlarane, og at ein må ha gode system for at læring blir ein del av kvardagen. Det var difor nyttig å høyre deira erfaringar, og for dei var det òg av interesse å høyre det vi hadde å fortelje om  kompetanse- og utviklingsprogrammet vi har for saksbehandlarane, seier Jørstad.

Nedgang i mottekne saker

Alle ordningane opplever for tida ein viss reduksjon i talet mottekne krav, bortsett frå den svenske ordninga som framleis opplever ei auke.

– Vi hadde diskusjonar og refleksjonar om kvifor det er slik. Det er ingen enkle forklaringar på det, men det er interessant å høyre tankane dei ulike landa har om situasjonen. Ingen av landa veit om nedgang i talet mottekne saker er utslag av ei tilfeldig svinging eller eit uttrykk for ein meir varig trend. Det at ein både i Danmark og Finland opplever den same utviklinga som vi har sett i år, er i alle tilfelle nyttig kunnskap å ha med vidare, seier Jørstad.

Bra med årleg treff

Jørstad er nøgd med eit årleg treff med dei andre leiarane i dei nordiske systerorganisasjonane til NPE. – Neste år er det vår tur til å ha samlinga hos oss. Det gler vi oss til, avsluttar han.