Mange erstatningskrav etter korona, men få alvorlege skadar

Seks prosent fleire har søkt om pasientskadeerstatning i fyrste halvår 2022 samanlikna med same perioden i 2021. Auken skuldast i hovudsak koronavaksinen.

Skriv ut Bokmål | English | 20. september 2022

NPE opplever framleis ein viss vekst i både saksmengd og utbetalingar. Nesten 3 600 personar har søkt erstatning i fyrste halvår. Det er drygt 200 flerie enn same periode sist år.

Etterdønningane etter pandemien pregar framleis sakene. I 2020 gjaldt koronasakene i hovudsak smitte, no er det flest vaksinesaker.

-Det er mange av vaksinekrava som gjeld forbigåande og små skadar. I nokre saker er det grunnlag for å erstatte eit økonomisk tap, men så langt ser vi ikkje mange store skadar. Det har vore nokre saker der vaksinen har fått svært tragiske konsekvensar, men det er heldigvis få, seier direktør Rolf Gunnar Jørstad.

Jørstad fortel at det skjer mykje når det gjeld forsking på årsakssamanheng mellom koronavaksinane og innrapporterte biverknader. Dette er noko NPE følgjer med på, og difor vil det i nokre tilfelle ta tid før ein kan fastslå om plagene kan skuldast vaksinen, eller om dei skuldast andre forhold.

– Jussen er klar i vaksinesakene. Men førebels finst det ikkje nok medisinsk kunnskap om alle biverknadsskadar som kan skuldast vaksinen. Dette er sentralt for å avgjere om ein person har rett til erstatning eller ikkje. Det vil seie at vi må avvente å gje svar i ein del saker. I nokre tilfelle kan det òg hende at vi må sjå på sakene på nytt, når vi får ny medisinsk kunnskap, seier Jørstad.

I dei andre sakene som er mottekne fyrste halvår, gjeld dei fire største medisinske områda skader i muskel og skjelett, tannskadar, kreftsjukdomar og psykiatri.

Ein liten auke i erstatningsutbetalingar

Det er utbetalt ein dryg halv milliard kroner i fyrste halvår. Det er eni auke på fem prosent frå same periode sist år. Dei tre medisinske områda med høgast utbetaling er kreftsjukdomar, ortopedi og nevrologi.

Sjå detaljert statistikk over mottekne saker, utbetalingar, vedtak, årsak til medhald/avslag, koronavaksinesaker m.m.

Framleis redusert saksbehandlingstid

Ventetida for pasientar som har fått innvilga kravet om erstatning er redusert med ca. 1 månad. Halvparten av sakene er ferdigbehandla og erstatningssummen utbetalt innan 12 månader. Nokre får svar raskare, men det er òg ein del som tek lenger tid. Det avheng av kor komplisert saka er.

- Vi ynskjer ikkje å overutgreie sakene, men heller ikkje utgreie for lite. Eg er oppteken av at vi heile tida brukar dei rette ressursane i høve til kor kompleks saka er. Vi har no eit særleg blikk på å sortere ut dei sakene vi ser kan avsluttast raskt, fordi kravet er lågt. Ein av grunnane til at nokre saker tek lenger tid, er at skadetilstanden ikkje har stabilisert seg nok til å sluttbehandle erstatningsoppgjeret, seier Jørstad.

Sjå meir detaljar om saksbehandling og tidsbruk.