Menneske bak statistikken

Arbeidet vårt utgjer ein skilnad for dei som blir feilbehandla i helsestellet. Koronaepidemien blei den største testen nokosinne på om vi ville få gjort samfunnsoppdraget vårt godt nok. 

Skriv ut Bokmål | English | 19. mars 2021

Av direktør Rolf Gunnar Jørstad

Bak statistikken finst mange sterke historier frå menneske som får erstatning: Om kreften som blei oppdaga for seint hjå ein mann i 50-åra og at det var som ei tung bør forsvann då meldinga om erstatninga kom. Om den no to år gamle Jonathan som blei fødd med alvorleg hjerneskade fordi fødselen blei igangsett for seint på sjukehuset. Mora fortalde at erstatninga vil bidra til å tilretteleggje resten av livet til guten. Og om familien som sa dei fann trøyst oppi sorga då dei fekk erstatning etter at mora døydde av korona. Slike historier gjer inntrykk på meg og minner meg på kor viktig ordninga med pasientskadeerstatning er.

01.jpg

Mari Liverud, Sondre Oliver Olsen Spydevold og sonen Jonathan. Foto: Privat.

02.jpg

Wenche Rognås. Foto: Synne Storvik

Menneske bak tala

Ordninga betyr at ein far med ulækjeleg kreft kan gi borna sine ei tryggare økonomisk framtid og ei mor no kan byggje om heile huset for at treåringen kan få ein god oppvekst. Dei to er ein del av NPE-statistikken for 2020, som viser at vi aldri før har betalt ut meir i erstatning: 1,156 milliardar kroner totalt, noko som er ein auke på åtte prosent frå året før.

I snitt fekk kvar erstatningssøkjar utbetalt 715 000 kroner. Nokre gonger er erstatningssummen liten, men betyr likevel mykje. Ein familie fekk ein mindre sum til å dekkje gravferda og gravstein til mora som døydde av korona i ein kommunal helse- og omsorgsinstitusjon. Dottera fortalde at det ligg mykje trøyst for familien i at dei nådde fram med saka si. Etter at  historia deira blei kjend i media, har vi fått over 100 liknande erstatningskrav etter koronasmitte mellom eldre på kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar.

Ventetida går ned

Det er viktig for oss å gjere ventetida på svar på erstatningssøknaden så kort som mogleg. Tida fram til erstatning blei utbetalt gjekk ned med 71 dagar i fjor. Det er resultatet av mykje arbeid gjennom mange år for å få ned tidsbruken og fjerne tidstjuvar i saksbehandlinga. Kvar dag jobbar dei 160 medarbeidarane våre for å kutte ventetida ytterlegare. Målet er at erstatningssøkjarane skal få endå raskare svar fordi det er ei påkjenning å leve lenge med uvisse.

NPE har vore med i dugnaden og følgt dei nasjonale og lokale tilrådingane for å halde smittetrykket nede. Difor har medarbeidarane våre jobba heimefrå det meste av året. Gode digitale løysingar og endringsvillige og pragmatiske medarbeidarar har bidrege til at erstatningssøkjarane ikkje blei ramma av nokon brems i behandlinga av sakene.

Betre digitale verktøy

Arbeidet med å utvikle meir effektive digitale verktøy og forbetre tenestene for brukarane blei heller ikkje sett på vent i 2020. Mi Side er den viktigaste kommunikasjonskanalen mellom dei som søkjer erstatning og oss som behandlar søknadene. For nokre månader sidan opna vi denne tenesta òg for advokatar og andre fullmektigar, noko som gjer situasjonen enklare for erstatningssøkjarane.

I 2020 starta vi òg eit stort arbeid med å oppgradere og vidareutvikle dei digitale løysningane våre. Målet er at vi skal ha mest mogleg oppdaterte arbeidsverktøy og samstundes få eit godt grunnlag for å automatisere prosessane våre slik at vi reduserer saksbehandlingstida. Du kan lese meir om prosjekt Smart i årsrapporten vår.

Eit omfattande arbeid med å lage ei ny forskrift om meinerstatning ved pasientskadar kom òg i mål i 2020. Dette har vore eit arbeid vi har gjennomført på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet, og er ein viktig milepåle fordi det er den fyrste forskrifta tilrettelagd spesielt for utrekning av meinerstatning i pasientskadesaker. Den nye forskrifta tredde i kraft 15. mars 2021.

Må vere førebudde

2020 var eit krevjande år for dei som blei ramma av koronapandemien. På slutten av året var fleire vaksinar klare til å bli tekne i bruk rundt om i verda, og òg i Noreg starta vaksineringa av dei fyrste innbyggjarane like før nyttår.

Det var openbert at mange vil ha spørsmål om kva rettar dei har, både ved smitte av korona i helsetenesta og ved eventuelle vaksineskadar. Vi har lagt vekt på å klargjere relevant informasjon til samfunnet, og har mellom anna sendt brev til KS om rettane ved smitte på kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar.

Vi har etablert kontakt med dei andre nordiske pasientskadeordningane om erstatningsrettslege spørsmål knytte til koronavaksinar. I tillegg er dialogen med nasjonale helsemynde, som Folkehelseinstituttet, om informasjon for erstatning etter koronasmitte og vaksineskadar viktig.

Dermed er vi godt førebudde på det som kan kome av utmaningar før epidemien omsider er over. Eg er fornøgd med kva NPE har fått til i eit vanskeleg år, og vi skal få til endå meir i 2021.