Møt ein sakkunnig lege

«Eg kan reagere sterkt når det har gått skikkeleg gale for pasienten. Då har eg gått meg ein tur for å arbeide meg gjennom inntrykka», seier Tone Gretland Valderhaug, sakkunnig spesialist for NPE. 

Skriv ut Bokmål | English | 28. september 2020

Korleis jobbar sakkunnige med pasientskadesaker? Møt ei av dei, Tone Gretland Valderhaug, som har spesialkompetanse i diabetes, fedme og førebygging av hjartesjukdomar. Ho har ein doktorgrad i diabetes etter nyretransplantasjon, og arbeider som overlege ved endokrinologisk avdeling (indremedisin) ved Akershus universitetssykehus.

- Kva er ein god dag for deg i jobben?

- Eg likar utmaningar. Ein god dag på jobb er når eg finn løysingar eller kjem vidare i ei komplisert sak. Det er tilfredsstillande. Det er ikkje alltid vurderinga vi sakkunnige gjer blir godt motteken. Hjartesaka mi er å bli endå betre på å kommunisere tydeleg med pasienten.

- Du møter ikkje pasientane fysisk. Kva grunnlag har du då for å vurdere den behandlinga dei har fått?

- Dei fleste problemstillingane er kjende frå praksis i klinikken. Eg møter ikkje pasienten, men får eit godt inntrykk gjennom journalnotata. Vi har eit medisinsk språk som er laga for at ein skal kunne danne seg eit bilde av pasientane, den behandlinga dei har fått og komplikasjonane som har oppstått. Det å skildre og rapportere om pasientane er vi trente i heilt frå medisinstudiet.

- Lege og pasient er ikkje alltid einige om kva som har skjedd. Korleis fangar du opp versjonen til erstatningssøkjaren i saka?

- Eg les alltid kommentarane til pasienten og tek dei med i vurderinga. Det er ikkje alltid samsvar mellom det og det som står i journalen til pasienten. I nokre tilfelle er journalen ikkje komplett. Det er mykje som pågår i eit rom som ikkje nødvendigvis står i journalen. Men vi vurderer både versjonen til behandlaren og pasienten, det er eit viktig prinsipp.

- Kva er det mest utmanande ved jobben?

- Når saka har hamna i NPE er det jo alltid noko som har svikta. Pasienten kan ha hatt forventingar som ikkje er møtte, eller livet blei annleis då sjukdomen inntrefte. Sjølv om noko har svikta i behandlinga, er det ikkje sikkert at svikten er årsaka til symptoma pasienten har. Det er dette vi prøver å finne ut av og formidle på best mogleg måte.

- Kva er den viktigaste læringa frå pasientskadesakene?

- Ein ting som går att er svikt i kommunikasjonen mellom behandlaren og pasienten. Det kan vere fagleg gode vurderingar, men ofte kan det legen seier og det pasienten oppfattar, vere to forskjellige ting.

- I tillegg kan viktig informasjon gå tapt når pasientane blir sende mellom avdelingar eller ulike institusjonar. Det handlar om rapporteringa og internkommunikasjonen i helsetenesta. Det å jobbe som sakkunnig er ikkje alltid enkelt, men det er lærerikt i jobben som lege og eg tek med meg mykje kunnskap tilbake til min eigen praksis. Eg håpar dette kjem pasientane mine til gode.

- Nokon hevdar at sakkunnige legar er «i lomma» på NPE. Har du ein kommentar til den påstanden?

- Eg kjenner meg ikkje att i det. Vi har kontakt med saksbehandlarane og hjelper dei med å forstå saka reint medisinsk. I kompliserte saker vil det ofte vere fleire sakkunnige involverte og dei ulike sakkunnige spesialistane kan vere fagleg ueinge seg i mellom. Dette er heilt uavhengig av NPE.

- I desse åtte åra har eg aldri opplevd at nokon i NPE prøver å påverke meg til å vere korkje streng eller mild i den sakkunnige vurderinga. Det er NPE som avgjer om pasienten får erstatning eller ikkje, medan vi skal gi den faglege vurderinga vår av dei medisinske forholda i saka.

- Kva gir denne jobben deg?

- Det er fyrst og fremst ei heilskapleg forståing av kva som kan gå gale. Som sakkunnig får du tilgang til ei lang sjukehistorie og all relevant informasjon frå fleire behandlingsstader. Dette gir ei betre forståing av sjukdomsforløpet til pasienten.

- Eg kjenner att mange av problemstillingane i praksis på klinikken, så personleg gir det meg mykje. Du blir årvaken på ein heilt annan måte. Du har høve til å vere i framkant og tenkje: «Kva kan gå gale her?». Eg tenkjer at det å jobbe som sakkunnig vil vere nyttig for mange legar, og at det kjem pasientane til gode på sikt.