Møte med ny Helseklage-direktør

NPE fekk nyleg besøk av den nye direktøren i Helseklage. Det blei ein positiv start på samarbeidet vidare.

Skriv ut Bokmål | English | 31. mai 2022

– Det er viktig og naturleg at NPE har eit godt samarbeid med Helseklage og leiaren i verksemda, seier NPEs direktør, Rolf Gunnar Jørstad.

Difor var den ferske direktøren i Helseklage, Anita Giæver Hansen, på besøk hjå NPE i går. Det blei eit hyggeleg møte, der Jørstad og avdelingsdirektør Anne-Mette Gulaker presenterte NPE. Aktuelle problemstillingar knytte til samarbeidet mellom etatane blei òg drøfta.

Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten (Helseklage) fekk ny direktør 1. mars 2022. Giæver Hansen har lang erfaring som leiar, og har inntil nyleg jobba i Skatteetaten. Du kan lese meir om henne her.