Møte med Språkrådet om forskriftsarbeid

NPE er i gang med å lage utkast til forskrift om utrekning av meinerstatning på pasientskadeområdet. Vi har no hatt møte med Språkrådet om eit samarbeid for å skrive forskrifta i eit klart og forståeleg språk.

Skriv ut Bokmål | English | 5. september 2018

Frå Språkrådet deltok seniorrådgjevar Aud Anna Senje og seksjonssjef Margrethe Kvarenes. Frå NPE deltok avdelingsdirektør Vibeke Bugge Møllhausen, prosjektleiar Trude Mørtvedt, seniorrådgjevar Jan Storvik, og kommunikasjonsrådgjevar Torill Svoldal Stæhr.

«Klart lovspråk» skal bidra til at reglar og lover blir meir forståelege
Språkrådet har samarbeidd med Difi (Direktoratet for forvalting og ikt) om prosjektet Klart lovspråk. Dei har jobba med lovtekstar som Barnevernslova, Forvaltingslova, Arvelova og fleire andre.

- Vi er glade for at Språkrådet vil dele erfaringane sine med oss i NPE. Dette er ei viktig forskrift og vi ynskjer at ho skal vere forståeleg for alle brukarane våre. Vi legg difor stor vekt på å få til eit klart språk, seier avdelingsdirektør for juridiske oppgåver og sakkunnig utgreiing, Vibeke Bugge Møllhausen.

Brukarmedverknad og tverrfagleg arbeid er viktig
Gjennom prosjektet Klart lovspråk er det utvikla ein metodikk som fungerer godt, der sentrale stikkord er brukarmedverknad og tverrfagleg arbeid. Språkrådet er difor positive til at NPE har ei referansegruppe der viktige brukarorganisasjonar er representerte.

Gamal forskrift skal oppdaterast
Lovtekstar er på toppen av teksthierarkiet og påverkar språket i tekstar på svært mange andre område innanfor forvaltinga.

-Forskrift om meinerstatning for yrkesskade, som vi òg brukar på pasientskadeområdet, er frå 1997. Det at vi no lagar ei eiga forskrift om meinerstatning på pasientskadeområdet, vil gi ei oppdatering både av innhald og språk, seier Møllhausen.