Norsk pasientskadeerstatning slettar Facebook-side

- Vi har gjort ei grundig tryggleiksvurdering og forlet Facebook fordi vi ikkje føler oss trygge på at vi kan ta hand om personvernet til brukarane våre, seier kommunikasjonssjef Øystein Solvang.

Skriv ut Bokmål | English | 27. desember 2021

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) er eit av fleire offentlege organ som forlet Facebook etter ein kritisk rapport frå Datatilsynet.

Tilsynet åtvara om at offentlege verksemder inviterer kommersielle aktørar til å samle inn data om norske innbyggjarar. Dette er opplysingar som Facebook samlar inn, som sideeigaren ikkje har god nok kontroll på, eller veit kva Facebook brukar til.

Rapporten til Datatilsynet kan du lese her.

Risiko

- Vi behandlar pasientskadesaker og får ofte personsensitiv informasjon frå menneske i sårbare situasjonar. Vi veit ikkje kva opplysingane som blir lagde att på Facebook-sida vår blir brukte til. Det er ein risiko vi ikkje kan utsetje brukarane våre for, seier Solvang.

Facebook-sida til NPE blir difor sletta om kort tid.

npe.no

- Facebook har vore eit verkemiddel i dialogen vår med brukarane og for å ta vare på informasjonsansvaret vi har. Det er viktig at vi når ut med god informasjon om retten til å få erstatning når helsetenesta sviktar. Heldigvis har vi fleire bein å stå på, der nettsidene våre både har vore og er, det viktigaste. Om du lurer på noko, gå inn på nettsidene våre npe.no eller ring servicesenteret vårt, som vil hjelpe deg vidare, seier kommunikasjonssjefen i NPE.