NPE har utbetalt 534 millionar kroner i erstatningar fyrste halvår

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) er ein etat som behandlar erstatningskrav frå pasientar som meiner dei har fått ein skade etter feilbehandling i offentleg eller privat helseteneste. Fyrste halvdel av 2018 har NPE teke imot 2933 saker og utbetalt 534 millionar kroner i erstatningar til pasientar og pårørande.

Skriv ut Bokmål | English | 20. august 2018

NPE har teke imot seks prosent færre krav om erstatning samanlikna med fyrste halvår i 2017. Nedgangen skjer i offentleg helseteneste, og ikkje i den private helsetenesta.

– Vi veit ikkje kvifor vi har teke imot færre krav om erstatning dette halvåret, seier direktør Rolf Gunnar Jørstad.

Han er ikkje ottefull for nedgangen: - Det er alltid variasjonar og naturlege svingingar i slike tal. Det meste tilseier no at vi vil ta imot ein stad mellom 5600 og 6000 krav frå pasientar og pårørande som meiner dei har fått ein skade etter feilbehandling, seier han.

Viktig med informasjon om NPE frå helsepersonell

Brukarundersøkingar NPE har gjort viser at helsepersonell er den viktigaste kjelda til informasjon om at dei kan søkje om erstatning hos NPE, for pasientar og pårørande.

- Det er viktig at helsepersonell held fram med å gi god informasjon om ordninga til pasientar og pårørande som kan ha rett til erstatning, seier Jørstad vidare.

Erstatningsutbetalingar

Det er ei lita auke på to prosent i erstatningsutbetalingar til erstatningssøkjarar, samanlikna med same periode i 2017. – Det er utbetalt totalt 534 millionar kroner i totalt 1131 saker til no i år, seier Jørstad.

- Det er framleis litt tidleg å seie kvar dette endar, men det meste talar for at vi kjem til å utbetale rundt ein milliard kroner i erstatningar i 2018, seier Jørstad.

Erstatningane dekkjer mellom anna utgifter, inntektstap, meinerstatning og tap av forsørgjar. – Erstatningane sørgjer for at pasientar og pårørande får dekt det økonomiske tapet som skaden har ført til, i tillegg til at dei pasientane som har fått omfattande og varige skadar får ei utbetaling for redusert livskvalitet, seier Jørstad.

Erstatningssummane varierer frå minstesummen på 10 000 kroner, til millionutbetalingar i saker der feilbehandlinga har ført til omfattande og varig skade på pasienten.

Eksempel på saker der pasienten fekk medhald i 1. halvår 2018

  • Ein mann i 50-åra hadde langvarige smerter i beina. Han fekk ein forseinka diagnose av spinal stenose og forkalkingar i hofteleddet, som gjorde at han fekk unødige smerter og nedsett funksjon av beina i denne perioden. NPE meiner at pasienten burde blitt følgt opp tettare med tidlegare røntgenundersøking. Mannen får erstatning frå NPE.
  • Ei kvinne i 60-åra fekk ein forseinka diagnose av brystkreft på 17 månader fordi MR-bilda av brysta blei feiltolka. Det førte til spreiing av kreften til lymfeknutar og behov for meir omfattande kreftbehandling. Kvinna får erstatning frå NPE.
  • Ein mann i 20-åra måtte trekkje ei tann på grunn av plassmangel. Då tanna blei trekt, blei det skade på nabotanna. Nabotanna måtte fjernast på grunn av akutte smerter. Mannen får erstatning frå NPE.

Eksempel på saker der pasienten fekk avslag i 1. halvår 2018

  • Ei kvinne i 50-åra meinte ho hadde fått gangvanskar og smerter fordi ho ikkje blei operert for spinal stenose tidleg nok. NPE meiner at kvinna fekk rett oppfølging og behandling, og at det ikkje var grunnlag for å operere kvinna tidlegare. Kvinna har ikkje rett til erstatning.
  • Ein mann i 50-åra oppsøkte fastlegen fordi han hadde brystsmerter og var nummen i venstre arm. Han fekk ikkje vidare oppfølging, og fire dagar seinare fekk pasienten hjarteinfarkt. NPE meiner at mannen skulle vore lagd inn på sjukehus for vidare utgreiing av symptom, men at den forseinka diagnosen ikkje har påverka skadeomfanget eller behandlinga. Mannen har ikkje rett til erstatning.
  • Ei kvinne i 30-åra meiner ho fekk ei forverring av plager med tyngde over panna og augeloka etter ein augelokskorreksjon. NPE meiner at behandlinga kvinna fekk var i tråd med god medisinsk praksis. Kvinna har ikkje rett til erstatning.