NPE lanserer Mi side for erstatningssøkjarane

Vi har utvikla ei digital teneste der erstatningssøkjar kan få oversikt over kva som skjer i saka si. På Mi side finn du breva frå oss, og du kan sjølv sende inn kommentarar og dokumentasjon her.

Skriv ut Bokmål | English | 9. mai 2019

Løysinga er bygd slik at det skal vere intuitivt å finne fram. All informasjon om deg og saka di vil framleis bli behandla på ein trygg og sikker måte, òg når du brukar Mi side.

Kva kan eg gjere på Mi side?

  • Du kan logge deg på når som helst. Pålogginga skjer gjennom ID-porten, som du kanskje kjenner frå andre tenester, slik som Skatteetaten og NAV.
  • Du får tilgang til dokument og status i saka, og informasjon om saksbehandleren din.
  • Du kan på ein sikker måte sende oss informasjon som er relevant for saka di, både tilleggsopplysingar og kommentarar undervegs.

Du vil få melding på SMS når det skjer noko i saka di.

Du loggar deg enkelt inn ved å velje «logg inn» i toppmenyen. Når du har logga deg inn, må du gi samtykke til å bruke Mi side og ta imot SMS-varslingar.

Testbrukarane er fornøgde

150 erstatningssøkjarar har det siste halve året testa ut Mi side. Dei fortel:

  •  «Løysinga er veldig enkel og gir ei fin moglegheit til å følgje med.»
  • «Grei oversikt. Kjekt å ha kontroll over kva som skjer med saka.»
  • «Det gjer at det er enklare å halde seg oppdatert. Det er òg mykje informasjon tilgjengeleg.»
  • «Enkel, lett å finne fram til ting.»
  • «Positivt at ein sjølv kan følgje framgang i saka – slepp å lure på om noko er gjort.»
  • «Supert å ha oversikt. Lett å finne dokumenta.»

Desse kan bruke Mi side

No opnar vi løysinga for fleire brukarar. I fyrste omgang kan du bruke Mi side om

  • du har søkt om erstatning og du er pasienten
  • du har berre ei sak hjå oss

Vi jobbar vidare med løysinga

Du kan diverre ikkje bruke Mi side om du har ei sak der pasienten ikkje er deg, eller om du har advokat, fullmektig eller verje. Du kan heller ikkje bruke Mi side om du har fleire saker hjå oss.

Vi jobbar no vidare med å utvikle løysinga. I løpet av året vil vi opne Mi side for dei aller fleste som har ei sak hjå oss.

Har du spørsmål om Mi side?

Har du spørsmål, er det berre å ta kontakt med oss. Du finn kontaktinformasjonen her.