NPE på stortingsgjesting

Denne veka gjesta representantar frå NPE og Helseklage Stortinget for å treffe Helse- og omsorgskomiteen. Det var eit hyggeleg møte, med engasjerte tilhøyrarar.

Skriv ut Bokmål | English | 31. mai 2022

Det har blitt tradisjon at den nye helse- og omsorgskomiteen inviterer NPE og Helseklage til å fortelje om pasientskadeordninga. Den tradisjonen set vi pris på!

11 av i alt 15 medlemar har ikkje erfaring frå denne komiteen tidlegare, og då er det ekstra fint å kome og fortelje om regelverket, og arbeidet i NPE og Helseklage.

Komitemedlemane var engasjerte og stilte fleire spørsmål, mellom anna om saksbehandlingstid, moglege mørketal, sakstypar og erstatningsutrekning.

Vi opplever det som verdifullt å svare på spørsmål og ha moglegheit for ein dialog med politikarane om samfunnsoppdraget vårt, og hadde ein hyggeleg tysdag!