NPE sin rapport for dei regionale helseføretaka: 3,6 milliardar kroner i erstatning utbetalt dei siste fem åra

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) har dei siste fem åra utbetalt 3,6 milliardar kroner i erstatning til pasientar og pårørande som har hatt krav på erstatning etter feilbehandling i spesialisthelsetenesta, viser ny rapport.

Skriv ut Bokmål | English | 28. juni 2018

- Kvar einaste dag får pasientar god helsehjelp i spesialisthelsetenesta i Noreg. I dei aller fleste tilfella får pasientane den hjelpa dei har krav på og treng. Men i nokre tilfelle går det diverre gale, og då kan pasientane søkje om erstatning frå NPE, seier direktør Rolf Gunnar Jørstad.

NPE gir ut denne årlege rapporten fordi materialet gir sjukehuseigarane og sjukehusa nødvendig og god oversikt over erstatningssakene innanfor ansvarsområdet deira. Her får helsetenesta viktig utfyllande kunnskap om feil som skjer i pasientbehandlinga.

- Vi meiner at formålstenleg bruk av erfaringsmaterialet vårt, saman med andre kjelder om kva som går gale i helsetenesta, gir gode moglegheiter til å identifisere betringsområde, held Jørstad fram.

5016 erstatningssøkjarar har fått medhald

I perioden 2013-2017 har NPE teke imot 17 666 krav om erstatning, 5016 erstatningssøkjarar har fått medhald og NPE har utbetalt 3,6 milliardar kroner i erstatning til pasientar og pårørande innanfor ansvarsområdet til dei regionale helseføretaka .

Årsaker til medhald

Ei eller anna form for svikt i helsehjelpa er årsaka til medhald i 85 prosent av sakene der NPE har gitt medhald.

57 prosent av medhaldssakene skuldast svikt i behandling. Det kan til dømes vere at feil teknikk er brukt under ein operasjon, at undersøkinga eller behandlinga har vore mangelfull, at pasienten burde vore operert tidlegare eller at pasienten ikkje skulle hatt operasjonen eller behandlinga han eller ho fekk.

27 prosent av medhaldssakene skuldast svikt i diagnostikk. Det kan til dømes vere at funn ikkje blei følgde opp eller at det har vore mangelfull utgreiing, eller at prøvesvar eller kliniske undersøkingar har blitt feiltolka.

NPE-sakene må brukast i kvalitetsarbeid

- I medhaldssakene våre ser vi alt frå relativt små skadar til store skadar med omfattande konsekvensar. Vi ser òg at skadane skuldast alt frå små feil til svært alvorlege feil, fortel Jørstad. Han peikar på at det er viktig at helsetenesta brukar erfaringane frå sakene i NPE i kvalitetsarbeidet for å betre pasienttryggleiken.

– Vi opplever at sjukehusa og helseregionane i auka grad brukar materialet vårt i kvalitetsarbeidet. Dette meiner eg er ei positiv utvikling, fordi det er mykje læring i erstatningssakene vi behandlar. Det er bra at den samla erfaringa frå saker som i utgangspunktet blir fremja av enkeltpersonar, kan brukast i betringsarbeidet, til nytte for mange, avsluttar Jørstad.