Direktøren i NPE går av etter 33 år
Direktør Rolf Gunnar Jørstad går over i pensjonistane sine rekkjer ved nyttår og har den siste arbeidsdagen sin i NPE 30. november. Han ser attende med glede på over 33 gode år i NPE.
Jørstad har vore med på reisa sidan 1989, då NPE som ei avtalefesta prøveordning var organisert som ei lita verksemd underlagd KLP Forsikring. I dag er organisasjonen ei mellomstor statleg verksemd med 165 medarbeidarar.
Før Jørstad tiltredde som direktør 1. desember 2012, var han assisterande direktør frå 1. januar 2003. Då blei NPE ein statleg etat under Helse- og omsorgsdepartementet.
-Det har vore både givande og spennande å vere med på å forme og utvikle verksemda gjennom alle desse åra. NPE har eit viktig samfunnsoppdrag, og for meg har det vore avgjerande at vi heile tida har som mål å løyse det oppdraget slik at pasientskadesakene blir behandla så effektivt og godt som mogleg, seier Jørstad.
-Eg håpar NPE vil halde fram med å utvikle seg og levere gode resultat for brukarane.
Lang saksbehandlingstid har vore ei utmaning NPE jamleg har stått overfor og difor har det dei siste åra vore viktig å jobbe for å redusere saksbehandlingstida, ved å forenkle saksbehandlinga. Dette arbeidet har gitt gode resultat for brukarane av ordninga.
- Men det er ei tid for alt og etter ti år som direktør, kjennest det rett for meg å levere stafettpinnen vidare til ein ny leiar. Livet har mykje spennande å by på, eg er framleis «berre» 64 år, og no gler eg meg til å fullt ut kunne disponere mi eiga tid, seier Jørstad.
NPE har ein sterk fagleg kompetanse på regelverk og praksis knytt til pasientskadesaker. Verksemda har i tillegg eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
-Det har vore ei glede å jobbe med så mange dyktige medarbeidarar. NPE står etter mi mening godt rusta for å utvikle seg vidare og halde fram å levere godt på samfunnsoppdraget, avsluttar Jørstad.