Ny digital teneste for aktørar i privat helseteneste

Vi har utvikla ei ny teneste for helsepersonell utanfor den offentlege helsetenesta. Tenesta skal hjelpe deg med å få svar på om du har meldeplikt til Norsk pasientskadeerstatning, og må betale tilskot.

Skriv ut Bokmål | English | 9. mai 2019

Alle verksemder som gir helsehjelp utanfor den offentlege helsetenesta skal betale tilskot til NPE. Denne tilskotsordninga sikrar at pasientar som har fått ein skade etter feilbehandling, får den erstatninga dei har krav på.

Få svar når det passar deg

Den nye tenesta vår heiter «Sjekk om du har meldeplikt til NPE», og er ein kort serie med spørsmål du må svare på. Basert på svara dine, vil du få ein peikepinn på om du må melde og betale tilskot til NPE.

Tenesta gjer at du sjølv kan finne ut om du har melde- og tilskotsplikt til NPE når det passar deg best, fortel seniorrådgivar for tilskotsordninga hos NPE, Inger Skiaker.

- Melde- og tilskotsplikta til NPE kan vere komplisert, og vi får mange spørsmål frå helsepersonell som er i tvil om dei har tilskotsplikt eller ikkje. Med tenesta «Sjekk om du har meldeplikt til NPE» tilrettelegg vi for at du på ein enkel måte kan finne svar på dei vanlegaste spørsmåla, og om du skal melde og betale tilskot til oss, seier Skiaker.