Ny forskrift om meinerstatning ved pasientskadar

-  Det er ein milepåle at vi no får ei eiga forskrift om meinerstatning ved pasientskadar, seier Vibeke Bugge Møllhausen. 15. mars blei resultatet av det årelange arbeidet sett ut i livet.
 

Skriv ut Bokmål | English | 16. mars 2021

Meinerstatning er erstatning for varig og monaleg skade, og blir gjerne omtalt som erstatning for tapt livsutfalding.

Har mangla eiga forskrift

Fram til no har det ikkje eksistert eigne reglar for utrekning av denne typen erstatning i pasientskadesaker.  I staden har forskrift om menerstatning ved yrkesskade (Ysf) gitt føringar for utrekning av meinerstatning i pasientskadesaker. Forskrifta Ysf er utarbeidd med tanke på skadar og sjukdomar som typisk kan skje ved yrkesskadar.

- Denne forskrifta har i liten grad vore oppdatert i takt med den medisinske utviklinga. Ho er mangelfull når det gjeld skadar som oppstår ved pasientbehandling, seier Vibeke Bugge Møllhausen i NPE.

- Ein milepåle

Ho er avdelingsdirektør for juridiske oppgåver og sakkunnig utgreiing, og har leia arbeidet med å lage ei ny forskrift om meinerstatning ved pasientskadar.  Oppdraget blei gitt av Helse- og omsorgsdepartementet.

- Det er viktig å sikre likebehandling, framsyn og rett erstatning basert på oppdatert medisinsk kunnskap. Arbeidet med forskrift om meinerstatning ved pasientskadar har gått over fleire år. Det er ein milepåle at vi no får ei eiga forskrift om meinerstatning ved pasientskadesaker, seier Bugge Møllhausen.

Fordøying, kjønnsorgan, urinrøyr og hjarte

NPE har valt ut enkelte medisinske område der behovet for ein revisjon har vore særleg stort.

Det gjeld desse medisinske områda: fordøyingssystemet (mage og tarm), kjønnsorgan, urinrøyr og hjarte. I tillegg er det laga eit generelt punkt om smerter og eit nytt punkt om cerebral parese. Elles er resten av tabellverket frå yrkesskadeforskrifta kopiert inn i denne forskrifta.

- Vi vil følgje nøye med på korleis forskrifta fungerer og vurdere behov for endringar om det viser seg at ho får utilsikta konsekvensar, seier Bugge Møllhausen.

NPE vil arbeide vidare med enkelte nye skadeområde som vil bli tilføydde i denne forskrifta på eit seinare tidspunkt.

Forskrift om menerstatning ved pasientskader

Forskrift om meinerstatning ved pasientskadar er delt inn i tre delar. Del I er om alminnelege reglar og del II og III er ei vidareføring av tilsvarande delar i yrkesskadeforskrifta. Les forskrifta her.

Rettleiar til forskrifta, med eksempel