Ny organisering av Pasientskadenemnda

Som ledd i at regjeringa har vedteke endringar i den sentrale helseforvaltinga blir Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten (Helseklage) etablert frå 1. januar 2016.

Skriv ut Bokmål | English | 8. mars 2016

Helseklage skal m.a. vere sekretariat for Pasientskadenemnda, og blir etablert i Bergen innan 1. januar 2019. I ein overgangsfase på to til tre år vil Helseklage ha kontor både i Oslo og Bergen.

Det blir ingen endringar i klageprosessen. Det er framleis slik at erstatningssøkjarar som ynskjer å klage til Pasientskadenemnda på avgjerda NPE har teke, sender klaga til oss for vurdering. Dersom vi ikkje finn grunn til å gjere om vedtaket, sender vi klaga vidare til Helseklage.