Nye reglar gir høgare standarderstatning til barn

Erstatningsnivået for barn og unge blir no heva monaleg gjennom ei lovendring. Dette er eit godt nyhende for barn som får skadar etter feilbehandling i helsetenesta.

Skriv ut Bokmål | English | 5. mars 2018

Høgare aldersgrense
Barneerstatningsreglane skal gjelde for skadar som viser seg fram til barnet er 19 år, mot dagens reglar som gjeld fram til 16 år. Vidare skil reglane mellom utrekning av erstatning for tap av inntekt og erstatning for varige mein. Tap av evne til å arbeide i heimen blir skild ut som ein eigen erstatningspost. På den måten blir det klart at unge erstatningssøkjarar kan ha rett til slik erstatning.

– Dei nye reglane gjer at vi kan gi barn ei meir dekkjande erstatning for det tapet dei faktisk vil få, seier avdelingsdirektør Vibeke Bugge Møllhausen.

Utrekning av erstatning for inntektstap skal skje i to fasar
I den fyrste fasen utbetalar vi ei såkalla «overgangserstatning». Ho skal dekkje inntektstapet barnet har fram til og med det året barnet fyller 21 år. Det er eit krav at barnet har ein medisinsk invaliditet på minst ti prosent.

I den andre fasen utbetalar vi erstatning til dekning av inntektstapet frå og med det året erstatningssøkjaren fyller 22 år. I denne fasen tek utrekninga utgangspunkt i den nedsette arbeidsevna erstatningssøkjaren har, ikkje i den medisinske invaliditeten.

Dei nye reglane trer i kraft 1. mars 2018
Dei nye reglane i skadeerstatningslova og forskrift om standardisert inntektstaperstatning til barn trer i kraft frå 1. mars 2018. Lovendringa gjeld for dei tilfella der skaden skjer etter 01.03.2018.