Nye tilskotssatsar for privat helseteneste

Frå og med 01.01.2020 er tilskotssatsene til NPE for aktørar i privat helseteneste endra. Du kan lese meir om dei nye satsane og risikoklassane her.

Skriv ut Bokmål | English | 9. januar 2020

Pasientskadeordninga sikrar at pasientar som har fått ein skade etter feilbehandling, får den erstatninga dei har krav på. NPE behandlar erstatningskrava og administrerer tilskotsordninga.

Oppdaterte tilskotssatsar frå 1. januar 2020
Helse- og omsorgsdepartementet har fastsett nye tilskotssatsar for privat helseteneste. For dei fleste profesjonsgruppene går satsane noko ned. 

Endringane er gjort for å sikre at det er tilstrekkeleg kapital i fondet for å dekkje dei framtidige utgiftene til pasientskadesakene frå dette området.

Vi minner om at alle verksemder i privat helseteneste har plikt til å registrere seg i NPE. 

Erstatningsordninga skal vere sjølvfinansierande
Aktørane i privat helseteneste skal fullt ut dekkje kostnadene knytte til pasientskadesaker frå dette området. Dei har plikt til å betale tilskot til NPE til dekning av alle framtidige kostnader som saksbehandling, advokathjelp og eventuell erstatning.

Det kan gå fleire år før alle skadar skjedd i eit bestemt år er ferdig behandla. Difor er det nødvendig å ha eit fond med tilstrekkeleg kapital for å dekkje framtidige plikter.

Tilskotssatsane blir rekna ut mellom anna frå skadefrekvens, skadeomfang og erstatningsutbetalingar innanfor ulike helsepersonellgrupper.