Over 1000 pasientar har fått erstatning etter tannbehandling

Dei siste ti åra (2009-2018) har 1056 pasientar fått erstatning frå Norsk pasientskadeerstatning (NPE) etter feilbehandling hjå privatpraktiserande tannlegar. NPE har utbetalt 81 millionar kroner i erstatning til desse pasientane.

Skriv ut Bokmål | English | 30. september 2019

– Dette er saker som gjeld alt frå ei tann som unødig blei rotfylt, til pasientar som har fått mangelfull oppfølging av tannlegen sin over lang tid, seier direktør Rolf Gunnar Jørstad.

– Vi går alle til tannlegen med jamne mellomrom, og nesten alltid får vi den behandlinga vi treng. Men ein sjeldan gong blir behandlinga dårleg utført og kan t.o.m. gi pasienten ein skade. Då er det viktig at dei pasientane som blir utsette for dette får erstatning for skaden dei er påførte. I dei fleste tilfella går erstatninga til å rette opp feilen som blei gjort, fortel han.

Flest saker gjeld brubehandling og rotbehandling

Erstatningssakene NPE tek imot dreier seg om skadar etter mange former for behandling. Dei fleste sakene gjeld kroneterapi og brubehandling. Vidare følgjer saker som dreier seg om rotbehandling, trekking av tenner, tannfylling og innsetjing av tannimplantat.

Årsaker til at pasientar får erstatning

- Årsaka til at pasientane får erstatning frå NPE, er at tannbehandlinga ikkje har vore utført godt nok og at dette har ført til ein pasientskade. Typiske eksempel er ufullstendige rotfyllingar, dårleg krone- og brutilpassing og mangelfull oppfølging, ofte gjennom fleire år, seier Jørstad.

Erstatningane dekkjer kostnadene

Dei fleste sakene der det blir utbetalt erstatning etter feilbehandling hjå tannlegen gjeld utbetalingar mellom 5 000 og 40 000 kroner.

– Heldigvis er det slik at dei fleste tilfella gjeld skadar som kan rettast opp med rett behandling. Det er bra at erstatningsordninga hjelper desse pasientane, seier Jørstad.

Mangelfull journalføring er eit problem

Mangelfulle journalar og manglande dokumentasjon er eit problem i nesten ti prosent av tannlegesakene som har fått medhald hjå NPE. Jørstad påpeikar at manglande journalføring kan føre til alvorlege konsekvensar for behandlinga og oppfølginga pasientane får. Han viser òg til at mangelfull journalføring kan ha noko å seie for sjølve vurderinga av erstatningssaka.

 - I sakene med mangelfull journalføring kan det vere vanskeleg for oss å vite kva slags behandling pasienten har fått og korleis ho har vore utført, seier Jørstad. På bakgrunn av den tvilen som oppstår, får erstatningssøkjarane i desse sakene vanlegvis erstatning frå NPE, sjølv om det kan vere usikkert om behandlinga har vore rett eller ikkje.

Jørstad understrekar at NPE ser ei positiv utvikling i journalføringa i tannlegesakene: - Vi ser ei klar utvikling i retning av å ta imot fleire fyldige og meir informative journalar og dokumentasjon i tannlegesakene. Dette er bra både for pasientane og av omsyn til vurderinga av erstatningssakene, avsluttar han.

Fakta om privat helseteneste i pasientskadeordninga

  • Frå 2009 har pasientar òg kunna søkje om erstatning frå Norsk pasientskadeerstatning (NPE) for behandling i privat helseteneste.
  • På desse ti åra har NPE teke imot totalt 5518 saker som gjeld behandling i privat helseteneste.
  • Sakene frå privat helseteneste utgjer 13 prosent av alle sakene NPE behandlar.
  • 58 prosent av sakene frå privat helseteneste dreier seg om tannbehandling.