Over ein milliard utbetalt i erstatningar til pasientar og pårørande

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) betalte 1014 millionar kroner i erstatningar til pasientar og pårørande i 2018. Det er ein auke på 3,5 prosent frå 2017.

Skriv ut Bokmål | English | 9. januar 2019

- Vi veit at det å rette opp økonomiske konsekvensar av pasientskaden og akseptere at pasienten har vore utsett for feilbehandling, er viktig for å kome seg vidare. Gjennom erstatningane vi utbetalar gjer vi nettopp det, seier direktør i NPE Rolf Gunnar Jørstad.

Jørstad understrekar at dei auka erstatningsutbetalingane ikkje seier noko om kvaliteten på helsetenestene: - Auken i utbetalingar skuldast at vi har behandla fleire saker i 2018 enn i 2017.

Erstatningane dekkjer ulike typar tap

Dekning av inntektstap i samband med pasientskaden utgjer 37 prosent av erstatningane NPE har utbetalt i 2018, og er den største delen av erstatningsutbetalingane.

Så følgjer dekning av utgifter og meinerstatningen som andre store postar, på høvesvis 29 og 21 prosent. Standarderstatning til barn og forsørgjartap utgjer åtte og tre prosent av utbetalingane i 2018.

Mottekne saker

NPE tok imot 5677 nye saker i 2018. Det er ein liten nedgang på 2,3 prosent frå 2017. Nedgangen gjeld både offentleg og privat helseteneste.

Det er pasienten sjølv eller pårørande som søkjer erstatning hos NPE. Den største delen saker gjeld ortopedisk behandling, etterfølgd av saker knytte til kreftsjukdomar. 

Sjekk om du kan ha rett til erstatning

I haust lanserte NPE ei digital teneste, der ein kan svare på nokre enkle spørsmål i eit nettskjema og få ein peikepinn på om ein har krav på erstatning eller ikkje.

– Det er viktig at dei som meiner dei kan ha rett til erstatning, kontaktar oss. Denne tenesta kan gi ein peikepinn om ein kan ha rett til erstatning eller ikkje. Eg tilrår dei som trur dei kan ha rett til erstatning å gå inn på npe.no og svare på spørsmåla i tenesta vår, for å sjå om dei burde sende inn eit søknadsskjema til oss. Det er òg mogleg å ringje oss, vi har dyktige medarbeidarar som kan svare på spørsmål om ein burde søkje erstatning, avsluttar Jørstad.