Pasient- og brukarombodseminar 2014 – ein lærerik dag

Båe partar lærer når pasient- og brukaromboda og NPE møtest til årleg seminar. Det set vi stor pris på!

Direktør Rolf Gunnar Jørstad heldt eit innlegg om brukarmedverknad.

Skriv ut Bokmål | English | 2. desember 2014

27. oktober samla 65 tilsette frå pasient- og brukaromboda og NPE seg i Oslo for ein dag med interessante føredrag og spennande diskusjonar. Tilsette frå NPE heldt innlegg om forskjellige tema som klarspråk, brukarmedverknad, saksbehandlinga i NPE og ulike juridiske tema.

Brukarane skal høyrast! Direktør Rolf Gunnar Jørstad heldt eit innlegg om brukarmedverknad. Det er eit mål at vi i NPE framover i større grad legg til rette, utviklar og gjennomfører saksbehandlinga vår ut frå eit brukarperspektiv og i samråd med brukarane.

- Eg er overtydd om at ein heilt avgjerande faktor for at vi skal lukkast med å utvikle NPE vidare som organisasjon, er at vi tek brukarane våre endå meir på alvor og lyttar til dei når vi jobbar med utvikling, sa Jørstad i innlegget sitt.

Dette var eit tema som førte til mykje interessant diskusjon. NPE skal lage og ta i bruk eit opplegg for å innhente og måle opplevingane til brukarane i åra framover. Vi ynskjer mellom anna å opprette ein elektronisk portal der brukarane kan følgje saka si.

Mange gode innspel På slutten av dagen opna vi for spørsmål og diskusjon. Eit panel av leiarar i NPE stilte opp og svarte på og kommenterte spørsmål frå omboda og medarbeidarane deira.

– Eg synest vi får svært mange gode innspel på desse samlingane, seier avdelingsdirektør Anne-Mette Gulaker, leiar av saksbehandlinga i NPE.

- Møtet med omboda og medarbeidarane gir eit fint høve til å utveksle synspunkt og idear om korleis vi kan gjere jobben vår på ein best mogleg måte. Vi tek definitivt med oss innspela i det vidare utviklingsarbeidet vårt, avsluttar Gulaker.