Pasientar får raskare erstatning etter feilbehandling

Pasientar som har rettkome krav etter feilbehandling, får raskare utbetalt erstatning enn før. - Det er viktig å gjere ventetida så kort som mogleg når noko har gått gale i helsetenesta, seier direktør i Norsk pasientskadeerstatning, Rolf Gunnar Jørstad.

Skriv ut Bokmål | English | 28. august 2020

Ventetida for å få utbetalt erstatning har gått ned med 50 dagar, viser nye tal frå NPE. Dette er ein nedgang på åtte prosent samanlikna med fyrste halvår i fjor for pasientar som får tilkjent erstatning.

Auke i erstatning

- Vi gjer det vi kan for å redusere tida erstatningssøkjarane må leve i uvisse, fordi vi veit dette kan vere ei stor påkjenning for mange, seier Jørstad.

Erstatningssøkjarar fekk utbetalt i alt 603 millionar kroner etter feilbehandling fyrste halvår, noko som er ein auke på 95 millionar samanlikna med same periode i fjor.

- Pengar kan ikkje erstatte tapt livskvalitet, men kan gjere livet enklare i ein vanskeleg situasjon, seier NPE-direktøren.

Erstatninga kan dekkje tap av inntekt og utgifter som pasientskaden har ført til. Ved ein varig og monaleg skade kan NPE gi erstatning for tapt livsutfalding. Ved dødsfall kan erstatninga dekkje tap av forsørgjar.

Koronapandemien

Så langt har berre eit fåtal pasientar kravd erstatning med utgangspunkt i COVID-19-utbrotet. Dei som har søkt fram til no, fortel mellom anna om utsett operasjon, tap av eigendelar under korona-behandling og psykiske påkjenningar etter respiratorbehandling.  

Det er for tidleg å seie noko sikkert om omfanget av pasientskadar i samband med koronapandemien.

Store utmaningar

NPE får spørsmål frå pasientar om kva erstatningsrettar dei har i den spesielle situasjonen helse-Noreg framleis er i.

- Helsetenesta har hatt ekstraordinære utmaningar med omprioriterte og avgrensa ressursar for å handtere pandemien. Det kan ha noko å seie for korleis vi vurderer erstatningskrav og vil kunne innebere ein avgrensa rett til erstatning for nokre, seier Jørstad.

Han oppmodar pasientar som har spørsmål om å sjekke informasjon på nettsidene til NPE og å eventuelt ta kontakt med servicesenteret.