Pasientar fekk rekordhøge 1,1 milliardar kr frå Norsk pasientskadeerstatning

Aldri før har Norsk pasientskadeerstatning (NPE) betalt ut meir enn i fjor: 1156 millionar kroner i erstatning etter at noko gjekk gale på mellom anna sjukehus, hjå tannlegen og fastlegen.
 

Skriv ut Bokmål | English | 25. januar 2021

- Utbetalingane har hovudsakleg skjedd etter svikt i helsetenesta og viser kor viktig erstatningsordninga er for pasientar, seier Rolf Gunnar Jørstad, direktør i NPE.

Auken var på åtte prosent i høve til året før. Utbetalingane i samband med ortopedi (bein, ledd og muskulatur) toppar statistikken, etterfølgd av kreft og skadar på nyfødde born.

Fødselsskadar

Erstatningsutbetalingar for skadar under fødsel blei nesten dobla i 2020.  Ein av dei største summane var på 13,5 millionar kroner og gjekk til no to år gamle Jonathan i Fredrikstad. Han fekk cerebral parese etter svikt i fødselshjelpa.

- Alle forventingar og draumar blei snudde på hovudet, men vi er utruleg heldige som i det heile har den vesle guten vår. Ventetida på svar på om han hadde rett på erstatning var tung, fortel mor til Jonathan, Mari Liverud (26).

2021_mari_liverud.jpg

Mari Liverud, Sondre Oliver Olsen Spydevold og sonen Jonathan. Foto: Privat.

Erstatninga skal bidra til å tilretteleggje resten av livet til sonen, som har sterkt nedsett funksjonsevne.

Les òg: Slik reknar vi ut erstatninga di

- Ein siger

Nokre gonger er erstatningssummen liten, men har mykje å seie. Wenche Rognås fekk 54.000 til å dekkje gravferda og gravstein til mor si som blei smitta og døydde av korona i kommunal helse- og omsorgsinstitusjon.

2021_wenche_rognaas_npe_320.jpg

Wenche Rognås. Foto: Synne Storvik.

- For familien ligg mykje trøyst i å vite at vi vann fram med saka vår og dette var ein symbolsk viktig siger, seier Wenche Rognås. NPE behandlar no eit 40-tals liknande erstatningskrav etter koronasmitte mellom eldre på kommunale pleie- og omsorgsinstitusjonar.

Les også: Har krav på erstatning etter koronadødsfall på sjukeheim

Kreft

Den største erstatninga i fjor, 14 millionar kroner, gjekk til ein mann i 50-åra. Han måtte slutte i jobben fordi ein kreftsjukdom blei oppdaga fleire år for seint, slik at spreiinga ikkje kunne stansast.

- Det kjendest som ei tung bør blei løfta frå skuldrene mine då NPE gav beskjed om at eg får erstatning. No slepp eg å vere uroa for at banken skal ta hus og heim, og eg veit at borna slepp å bli sett på berr bakke når eg går bort, seier han.

Sju av ti får nei

Trass i erstatningsrekord, fekk berre tre av ti ja på søknaden sin. Sju av ti fekk avslag. Dei viktigaste grunnane til avslag er at plagene til erstatningssøkjaren ikkje skuldast svikt i behandlinga eller ikkje har samanheng med behandlinga. Avslagsprosenten har vore på om lag same nivå i mange år, men gjekk likevel litt ned i fjor.

- Vi er opptekne av å formidle på ein god måte til erstatningssøkjarar som får avslag kvifor det blir slik. Det er ikkje for å vere «gniten» eller for å spare pengar. Vi har forståing for at ein kan bli skuffa over eit avslag, men pasientskadelova set rammer for kva vi kan og ikkje kan gi erstatning for, seier direktøren i NPE.

Les òg: Sjekk om du oppfyller hovudvilkåra for å få erstatning

Ventetida går ned

Det er viktig for NPE å gjere ventetida for erstatningssøkjarane så kort som mogleg. Tida fram til erstatning blei utbetalt gjekk ned med 71 dagar i fjor.

Les òg: Saksbehandlingstid

- Å leve lenge med uvisse er ei påkjenning for mange. Vi jobbar kvar dag for å kutte saksbehandlingstida endå meir, slik at erstatningssøkjarane får raskare svar frå oss, seier Jørstad.

2020-fakta

2098 personar fekk 1,156 milliardar i erstatning

Det er ein auke på åtte prosent

Og ny utbetalingsrekord

Størst utbetaling var på 14 millionar

Men i snitt fekk folk 715.000 kvar

Det blei utbetalt mest til skadar i samband med 1) ortopedi, 2) kreft og 3) fødsel

3 av 10 får ja

7 av 10 får nei

Vi tok imot 5695 nye søknader - same som året før

Ventetida for erstatning gjekk ned med 71 dagar eller 11 %

Den «gjennomsnittlege erstatningssøkjaren» er ei kvinne i 50-åra som har fått ny hofteprotese.

Kontakt NPE