Pasientar i psykiatrien kan no få pasientskadeerstatning for ein større del av behandlinga

Pasientar som har vore tvangsinnlagde eller vore under andre typar tvang i psykiatrien, kan no ha rett på erstatning dersom det har vore ein svikt i helsehjelpa under tvangen.

Skriv ut Bokmål | English | 12. oktober 2022

Nokre av pasientane som søkjer pasientskadeerstatning på grunn av feilbehandling i psykiatrien, har vore tvangsinnlagde eller underlagde andre typar tvangsmiddel etter psykisk helsevernlova, slik som tvangsmedisinering, skjerming eller beltelegging.

Tidlegare har desse pasientane måtta søkje erstatning via domstolane for behandlinga som har vore gjort med eller under tvang, samtidig som dei har søkt Norsk pasientskadeerstatning (NPE) om erstatning for resten av behandlinga.

Det siste året har Pasientskadenemnda sett på korleis desse sakene blir behandla. Resultatet er at pasientane no i utgangspunktet får vurdert behandlinga som har vore utført med eller under tvang, som del av erstatningssaka si hjå NPE og Pasientskadenemnda.

Les heile artikkelen på helseklage.no