Rekordutbetalingar og reduserte saksbehandlingstider i 2019

I 2019 utbetalte Norsk pasientskadeerstatning (NPE) 1074 millionar kroner i erstatningar til pasientar og pårørande etter feilbehandling. Dette er den største summen NPE har utbetalt i erstatningar i løpet av eitt år og ein auke frå 2018 på seks prosent. Saksbehandlingstidene gjekk monaleg ned i 2019, samtidig som NPE behandla fleire saker enn i noko anna enkeltår.

Skriv ut Bokmål | English | 14. januar 2020

- Eg er glad for at vi behandlar sakene vi tek imot raskare enn tidlegare, seier direktør i NPE Rolf Gunnar Jørstad. NPE har redusert saksbehandlingstida med ein månad i arbeidet med å fastslå om erstatningssøkjar har rett til erstatning eller ikkje, og med to månader i arbeidet med å fastsetje erstatninga. 

- Vi har jobba mykje for å redusere lange saksbehandlingstider, og det skal vi sjølvsagt òg gjere i tida framover, held Jørstad fram.

Mottekne saker

NPE tok imot 5696 nye saker i 2019, noko som er 20 saker meir enn året før. Talet saker har lege stabilt dei siste åra.

Det er pasienten sjølv, eller pårørande, som søkjer erstatning hjå NPE. Den største delen saker gjeld ortopedisk behandling, etterfølgde av saker knytte til kreftsjukdomar. 

Fleire har fått svar

I 2019 fatta NPE 6388 avgjerder i ansvarssaker, mot 5635 avgjerder i 2018. Dette er ein auke på drygt 13 prosent. Vidare er 1751 erstatningsutrekningar avslutta i 2019, mot 1703 i 2018. Dette er ein auke på tre prosent. 

- Vi jobbar målretta med å behandle fleire saker, og eg er glad for at vi ser gode resultat av effektiviseringsarbeidet vårt, seier Jørstad.

- Det er viktig at fleire får svar frå NPE så raskt som mogleg. – Vi har i alt fatta ti prosent fleire avgjerder enn i 2018 og nesten 18 prosent fleire søkjarar har fått melding frå oss om at dei har rett til erstatning. Samtidig har saksbehandlingstidene våre gått merkbart ned i løpet av 2019, held Jørstad fram.

100 000 erstatningssaker sidan 1988

Like etter årsskiftet 2019/2020 nådde NPE en milepæl: då passerte ein 100 000 mottekne saker sidan pasientskadeordninga blei starta i 1988. Over 28 000 pasientar og pårørande er i denne perioden tilkjende erstatning med i alt 15 milliardar kroner.

- Då ordninga blei etablert i 1988 var det eit sentralt siktemål å gjere det enklare for folk å søkje om erstatning etter feilbehandling i helsetenesta, fortel Jørstad. Tidlegare måtte pasientar og pårørande rette kravet sitt til behandlingsstaden, og vilkåra for å tilkjenne erstatning var i tillegg strengare. - Difor var det meir krevjande og langt færre som sette fram erstatningskrav, avsluttar Jørstad.