Ti år med erstatningar etter vaksine mot svineinfluensa

I 2019 er det ti år sidan Norsk pasientskadeerstatning (NPE) tok på seg erstatningsansvaret etter vaksinen Pandemrix mot svineinfluensa. Sidan då har NPE teke imot 801 søknader og utbetalt nærare 350 millionar kroner i erstatning.

Skriv ut Bokmål | English | 4. september 2019

Rundt 1,9 millionar nordmenn, ca. 40 prosent av borgarane, blei vaksinerte med Pandemrix i løpet av svineinfluensapandemien.

NPE sine konklusjonar i sakene
Det er fatta vedtak i 737 saker. 151 personar har fått medhald og 586 har fått avslag på søknaden sin. 26 saker er avviste eller lagde bort, og 38 saker er framleis under arbeid.

To tredelar av medhaldssakene gjeld barn og unge, der dei fleste har fått narkolepsi etter vaksinen.

Korleis NPE behandlar sakene
For det nasjonale vaksinasjonsprogrammet med tilrådde vaksinar, er det eigne årsaks- og provreglar ved behandlinga av erstatningskrav. Erstatningssøkjarane har krav på erstatning når vaksinen kan vere årsak til skaden, og det ikkje finst ei eller fleire andre meir sannsynlege årsaker.

I praksis vil det seie at NPE gir medhald om vaksinen kan vere årsak til plagene. Det blir likevel avslag i sakene om NPE meiner det er andre meir sannsynlege årsaker til plagene enn vaksinen.

NPE gjer ei grundig vurdering i kvar enkelt sak, og har brukt medisinske spesialistar innanfor vaksinefeltet, nevrologi, infeksjonssjukdomar og indremedisin som sakkunnige i desse sakene. Dei vurderer om det er sannsynleg at vaksinen kan vere årsaka til plagene, eller ikkje.

Når NPE vurderer om ein person har rett til erstatning eller ikkje, er den sakkunnige vurderinga ein viktig del av grunnlaget for avgjerda.

Flest saker gjeld ME og narkolepsi
Hovudtyngda av sakene gjeld kronisk utmattingssyndrom (ME) og narkolepsi, med høvesvis 202 og 200 saker.

I andre saker meiner erstatningssøkjarane at vaksinen har ført til mellom anna søvnforstyrringar, redusert smak- og luktesans, migrene og ulike nevrologiske lidingar og betennelsestilstandar. Fire personar har fått medhald i at vaksinen har gitt dei nerveskadar etter sprøytestikket.

Sakene som gjeld narkolepsi
Det er 200 saker som gjeld søvnsjukdomen narkolepsi. Av desse har 121 fått medhald og 79 fått avslag.

Hovuddelen av utbetalingane i Pandemrix-sakene har gått til personar som har fått narkolepsi etter vaksinen. Dei aller fleste er barn og unge.

Ein har funne ein større førekomst av narkolepsi hjå barn og unge som har fått vaksinen enn hjå dei som ikkje har fått vaksinen. Forskinga har vist at vaksne òg kan ha fått narkolepsi etter vaksinen.

Endra kunnskap undervegs i sakene om narkolepsi
Kunnskapen om moglege konsekvensar vaksinen kan ha gitt, har utvikla seg frå NPE tok imot den fyrste saka.  Undervegs har forskinga på området gjort at NPE har teke opp att saker og utvida det vi kallar «tidsvindauga». «Tidsvindauga» er kor lenge etter vaksinen symptoma kan vise seg, og det framleis er mogleg at det er vaksinen som er årsaka til plagene.

NPE har hatt tett kontakt med systerorganisasjonar i Sverige og Finland, i tillegg til samarbeid med Folkehelseinstituttet og fagmiljø som forskar på narkolepsi etter vaksinen.

Sakene som gjeld ME
Av dei 202 sakene som gjeld personar som meiner dei har fått ME, har sju personar fått medhald og 195 fått avslag.

Det er ikkje påvist nokon statistisk eller vitskapeleg samanheng mellom Pandemrix og ME, men vi kan ikkje utelukke at vaksinen i nokre tilfelle kan føre til ME. I mange av desse sakene har personar fått avslag fordi ein ser at tilstanden med ME har oppstått før vaksinasjonen, og at det er andre meir sannsynlege årsaker til ME enn vaksinen.

I dei sju sakene der pasientane har fått medhald, har personane fått symptom på sjukdomen kort tid etter vaksinasjonen. I tillegg har det ikkje vore andre meir sannsynlege årsaker til utviklinga av ME. Då har dei rett til erstatning.

Klagebehandling av sakene
Er ein ueinig i avgjerda til NPE, kan ein klage vedtaket inn til Pasientskadenemnda. Det er mogleg både å klage på om ein har fått avslag på søknaden om erstatning, og på erstatningssummen.

I alt 343 har klaga inn vedtaket til NPE. 261 har klaga på avslaget dei har fått og 82 har klaga på storleiken på erstatninga. Av klagene på avslag er det totalt 44 omgjeringar. NPE har sjølv omgjort 25 av desse sakene fordi forskinga som er gjort undervegs har vist at fleire kan ha rett på erstatning, enn det som blei lagt til grunn då vi fyrst byrja å vurdere desse sakene.

Refleksjonar frå direktøren
Direktør i NPE, Rolf Gunnar Jørstad, fortel at NPE har brukt mykje ressursar på desse sakene: - Ei god handtering av desse sakene hjå oss er ei viktig brikke i ein god vaksinasjonspolitikk, der ein kan få erstatning om vaksinen har ført til plager, seier han.

Han understrekar òg at kunnskapen og forskinga har skjedd etter kvart, noko som bidreg til ei krevjande saksbehandling. Han meiner at det er viktig i saker som dette at NPE justerer kursen etter kvart:

- Undervegs som ny kunnskap har oppstått, har vi teke opp att saker på eige initiativ, for å sikre at sakene blir handtert på bakgrunn av den til kvar tid oppdaterte kunnskapen, slik at dei som har krav på erstatning får erstatning. Eg synest vi har gjort dette på ein god måte, spesielt med tanke på kor mykje ny kunnskap som har kome undervegs, seier han.

NPE tek framleis imot krav
I 2009 fekk NPE éin søknad om erstatning, i 2010 22 søknader. Så auka talet mottekne søknader, og flest søknader kom i 2012-2014. Framleis tek NPE imot nye søknader, sjølv om foreldingsfristen kan ha gått ut for ein del av dei.

Søknadene er forelda om det har gått for lang tid etter at skaden oppsto. Samtidig er det slik at fristen for forelding blir utsett om personen ikkje har forstått samanhengen mellom vaksinen og skaden før det har gått ein del tid. Det er ikkje enkelt å setje ein endeleg frist for når ein søknad er forelda, så alle saker som kjem inn, får ei individuell vurdering og behandling.