Tre nye helsepersonellgrupper er omfatta av ordninga

Frå 1. mai 2022 er osteopatar, naprapatar og paramedisinarar rekna som helsepersonell i lovverket. Når dei får godkjend autorisasjon blir dei omfatta av den offentlege erstatningsordninga, og har melde- og tilskotsplikt til NPE.

Skriv ut Bokmål | English | 31. mai 2022

NPE vurderer retten pasientar har til erstatning for skadar som har oppstått i samband med behandling gitt av autorisert helsepersonell i Noreg. Skadar som oppstår hjå ikkje-autorisert helsepersonell vil ikkje bli behandla av NPE, og pasientar må i staden ta kontakt med forsikringsselskapet til behandlaren.

Utviding av pasientskadelova

Frå 1. mai 2022 er pasientskadelova utvida til å omfatte behandlingar utførte av osteopatar, naprapatar og paramedisinarar. Før dei blir omfatta av den offentlege erstatningsordninga, må kvar enkelt behandlar søkje og få autorisasjon som helsepersonell.

Merk at behandlingar utførte før autorisasjon som helsepersonell er godkjend, ikkje vil bli behandla av NPE.

Melde- og tilskotsplikt, og unnatak frå denne

Godkjenning av autorisasjon utløyser ei melde- og tilskotsplikt til NPE. Denne plikta gjeld for helsepersonell som gir helsehjelp utanfor den offentlege helse- og omsorgstenesta.

Plikta gjeld frå tidspunktet autorisasjon er godkjend, og inneber at ein må melde seg inn i tilskotsordninga for privat helseteneste og betale tilskot til NPE. Innmeldinga må gjerast innan éi veke etter at autorisasjon er godkjend.

NPE har inngått kollektivavtale med Norsk osteopatforbund og Norges naprapatforbund. Dette vil seie at medlemar av desse forbunda automatisk vil vere omfatta av melde- og tilskotsplikta frå tidspunktet autorisasjon er godkjend.

Frå kva for eit tidspunkt kan pasientar søkje om erstatning for behandling utført av osteopatar, naprapatar og paramedisinarar?

Skadar oppstått ved behandling av osteopatar, naprapatar og paramedisinarar er omfatta av pasientskadeordninga frå 01.05.2022, men likevel tidlegast frå det tidspunktet behandlaren har fått godkjenning som autorisert helsepersonell.

Oppsummering

For naprapatar, osteopatar og paramedisinarar som ikkje tidlegare har godkjend autorisasjon:

  • Kan søkje om autorisasjon som helsepersonell
  • Ved godkjend autorisasjonssøknad pliktar privatpraktiserande naprapatar, osteopatar og paramedisinarar å melde inn og betale tilskot til NPE, bortsett frå medlemar av forbund som har inngått kollektivavtale med NPE.

    Du kan lese meir om dette her

For pasientar:

  • Eventuelle skadar ein meiner skuldast behandling hjå osteopat, naprapat eller paramedisinar, kan ein no søkje erstatning for hjå NPE.

    Merk at behandlinga må ha skjedd etter 1. mai 2022 og vere utført av behandlar med godkjend autorisasjon, for at NPE skal vere rett mottakar av søknaden.