Webinar med pasient- og brukaromboda

Årets møte med pasient- og brukaromboda blei halde som eit webinar. Temaa var saksbehandling, pasienttryggleik og kontinuerleg forbetringsarbeid.

Skriv ut Bokmål | English | 15. juni 2020

NPE har ein lang tradisjon for å ha eit årleg møte med pasient- og brukarombodskontora i landet. Årets møte blei eit digitalt møte der dei aller fleste av deltakarane sat på kvart sitt heimekontor.

God framdrift i saksbehandlinga på heimekontor
Direktør Rolf Gunnar Jørstad ga eit innblikk i status i saksbehandlinga. Han kunne fortelje om at det ikkje er nokon auke i talet melde saker så langt i år. Vi har òg klart å avslutte eit svært stort tal saker, sjølv om arbeidet etter 12. mars har gått føre seg på heimekontor.

Pasienttryggleiksarbeidet - undersøking av melde saker
Fagsjef på pasienttryggleik, Ida R. K. Bukholm heldt eit engasjert innlegg om kor viktig det er at helsevesenet gjer ein god jobb for å sikre pasientane trygg behandling. Det er viktig både av omsyn til samfunnsøkonomien og ikkje minst den enkelte pasienten.

Ein viktig nøkkel i dette arbeidet er å lære av dei hendingane som skjer. Vi har undersøkt i kor stor utstrekning det er samanfall mellom kva saker pasientane melder til NPE og kva saker som blir melde i avvikssystema til helseføretaka. Bukholm har leia dette arbeidet. 

Undersøkinga viste at det i snitt berre var ca. ein tredjedel av sakene som blei funne både mellom sakene i NPE og i avvikssystema elles i helsetenesta. Bukholm meiner at dette illustrerer at helsetenesta framleis har mykje å gå på, før ein pasienttryggleikskultur og ein kultur for kontinuerleg læring er etablert i helsetenesta.

Kontinuerleg forbetring
Til slutt gjorde avdelingsdirektør Kjersti Trøseid greie for det arbeidet NPE har gjort når det gjeld å avklare kva handlingsrom forvaltingslova gir i saksbehandlinga. Denne gjennomgangen er eit ledd i det kontinuerlege arbeidet vi gjer for å redusere saksbehandlingstida.