Eitt vedtak

Helse- og omsorgsdepartementet gav i 2017 NPE i oppdrag å innføre eitt vedtak i medhaldssakene. Tidlegare blei det fyrst fatta eit vedtak om ansvar, og så eit nytt vedtak når erstatningsutrekninga var gjort.

Skriv ut Bokmål | English | 25. februar 2019

Målet med å endre praksis var at det ville gi færre eller ingen delte vedtak, og færre klager. Det var òg ei forventing om ei raskare saksbehandling når vi ser heile saksbehandlingsløpet under eitt. I tillegg var det eit mål å få betre moglegheit for å avklare dei økonomiske konsekvensane av ein skade før endeleg vedtak.

Bakgrunn

Mange saker blir melde til NPE relativt raskt etter at skaden har skjedd. Det kan ofte vere mogleg å ta rask stilling til om erstatningssøkjar har rett til erstatning etter pasientskadelova, men for tidleg å seie noko sikkert om konsekvensane av skaden. I dei tilfella legg eitt vedtak til rette for at vedtaket kjem etter at både dei medisinske og dei økonomiske konsekvensane av skaden er avklarte.

Pilotprosjekt i 2017

Prosjekt eitt vedtak starta i januar 2017 som eit pilotprosjekt. Prosjektet skulle teste ut praktiseringa av eitt samla vedtak i ei avgrensa mengd saker, teste ut ulike tilnærmingar og lage rutinar for den nye løysinga. Arbeidet var prosessbasert og tok konkret utgangspunkt i forløpet i saksbehandlinga. Alle medisinske område blei inkluderte i prosjektet for å sikre at eitt vedtak var ein forsvarleg måte å jobbe på, uavhengig av skade og kravet til erstatningssøkjaren.

Fleire direkte vedtak

Prosjektet skulle òg leggje til rette for fleire direkte vedtak der det økonomiske tapet let seg avklare allereie når vi vurderer at saka går i medhald. Direkte vedtak er altså eit kombinert ansvars- og utrekningsvedtak, som kan fattast utan meir utgreiingar. Målet er å avslutte saker så tidleg som mogleg. Dette gir redusert saksbehandlingstid i dei aktuelle sakene, og frigjer ressursar til å jobbe med andre saker.

Samarbeid og «ende til ende saksflyt» har stått sentralt i arbeidet, og prosjektet blei avslutta ved utgangen av 2017. Etter ein opplæringsperiode i byrjinga av 2018 skal alle saker med medhald behandlast som eitt vedtak, med få unnatak.

Gode tilbakemeldingar

Endringane har fungert godt og det er kome mange positive tilbakemeldingar. Helseklage er orientert om endringane, og nokre saker er sendt vidare til klagebehandling der. Klaga kan gjelde ansvars- eller utrekningsdelen av vedtaket, eller båe delar. Slik vi ser det er det ein fordel at dette då kan behandlast samla.