Konsernmodell for administrative tenester

Helse- og omsorgsdepartementet etablerte i 2017 ein konsernmodell for administrative tenester i den sentrale helseforvaltinga. Modellen skal leggje til rette for mest mogleg effektiv ressursbruk.

Skriv ut Bokmål | English | 26. februar 2019

Å samle tenestene skal gi grunnlag for ei meir ressurseffektiv løysing og administrative oppgåver av høg kvalitet på tvers av etatane.

Fellestenester i Norsk Helsenett SF (NHN)

Etter oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet utfører NHN diverse oppgåver på administrasjonsområdet for NPE og dei andre etatane i den sentrale helseforvaltinga.

Frå 1. januar 2017 tok NHN over oppgåver innan innkjøp, IT-drift og brukarstøtte frå NPE. 1. juni 2018 blei oppgåver innan postmottak og skanning flytta frå NPE til NHN. Tre tilsette er overførte frå NPE til NHN gjennom ei verksemdsoverdraging.

Gjennom 2018 har vi delteke i arbeidet med å utgreie ytterlegare samordning av arkivoppgåver. Utgreiinga skal vere ferdig før sommaren 2019.

Vi er opptekne av å ikkje byggje parallell kompetanse i NPE etter oppgåveflyttinga. Samtidig ser vi at oppfølginga av tenesteutsetjinga krev ressursar, både fagleg og administrativt. Intensjonen er at den nye modellen skal gi gevinstar på sikt, men i ein overgangsfase aukar kostnadene. Dei auka kostnadene må dekkjast innanfor dei gjeldande budsjettrammene NPE har.

Fullservicemodell for løn, rekneskap og reiseadministrasjon

Som eit ledd i konsernmodellen har Helse- og omsorgsdepartementet avgjort at alle etatane under departementet skal ta i bruk den såkalla fullservicemodellen for løn, rekneskap og reiseadministrasjon i regi av Direktoratet for økonomistyring (DFØ). NPE arbeider etter denne modellen.

Samordning av HR-området

På personalområdet er det etablert eit samarbeidsforum der alle verksemder som ligg under HOD deltek. Formålet er at HR-forumet har særleg fokus på kompetansedeling, opplæring, erfarings- og informasjonsutveksling. Fordjupingstema i 2018 har vore omstilling og nedbemanning, skaffe rekrutteringssystem og rammeavtale for bedriftshelseteneste, organisering, HMS og IA, førebuingar til lokale forhandlingar og strategisk HR. NPE opplever at dette er eit nyttig forum som gir faglege og kvalitative gevinstar, og der siktemålet vidare òg er økonomisk gevinst, mellom anna ved å inngå fellesavtalar på HR-området.