Malgruppa

Malgruppa jobbar med utvikling og forbetring av språket i brevmalar, standardtekstar og informasjonsskriv for saksbehandlinga.

Malgruppa har medlemar frå kommunikasjon, juridisk og sakkunnig utgreiing og alle områda innanfor saksbehandling av pasientskadesaker.

Nøkkeltal frå forslagskassa i 2018

Malgruppa fekk inn totalt 148 forslag:

- 81 standardtekstar (språk)
- 44 malar (språk)
- 23 diverse (teknisk, layout, filnamn, struktur m.m.)

Skriv ut Bokmål | English | 27. februar 2019

Alle tilsette som har forslag til forbetringar kan sende dei til Malgruppa.

Brev til erstatningssøkjarar og pårørande

- Vi ynskjer at alle erstatningssøkjarane skal oppleve å få forståelege brev frå oss. Difor jobbar vi mykje med å omskrive juridiske faguttrykk, som er ukjende for folk flest, seier seniorrådgivar Cecilie Wreen, leiar av Malgruppa.

Brev til helsepersonell

Vi skriv òg mange brev til helseføretaka i landet og ber om journalar, uttalar og annan dokumentasjon i pasientskadesakene. I tillegg skriv vi til medisinske spesialistar i samband med sakkunnigvurderingar i sakene. Vi jobbar difor òg med språket i dei tekstane, for at dei skal vere så tydelege og effektive som mogleg.

Klarspråk

Malgruppa brukar språkrettleiaren til NPE i alle tekstane dei jobbar med. Gruppa er òg rådgivar i arbeidet med rettleiaren og den interne ordlista, som blir revidert årleg.

Informasjon på nett

Fleire og fleire erstatningssøkjarar og pårørande søkjer informasjon på nett. Malgruppa sørgjer for å koordinere informasjonen i tekstane mest mogleg med det som ligg på nett.
- Det er til dømes viktig at vi brukar same ord og omgrep i breva våre, som vi gjer i informasjonen på nett, seier Wreen.