Nordisk erfaringsdeling

Kvart år møtest pasientskadeordningane i dei nordiske landa til felles møte. Det er leiarsamling, mellomleiarsamling og saksbehandlarsamling. Desse møta er nyttige for oss, der vi kan høyre om dei andre ordningane sine erfaringar, ha gode diskusjonar og hyggeleg kollegialt samvær.

Skriv ut Bokmål | English | 27. februar 2019

Dei nordiske landa er unike i at alle har gode pasientskadeordningar, der pasientar og pårørande kan få vurdert om dei har rett til erstatning etter feilbehandling. Pasientskadeordningane i dei nordiske landa har ein del til felles, som gjer at det er svært nyttig for oss å dele erfaringar på tvers av landa.

Nordisk leiarsamling

I byrjinga av september var leiargruppa i NPE på nordisk leiarsamling i Stockholm. I alt 16 leiarar frå dei fem nordiske pasientskadeordningane møttest.

På dette møtet var det mykje fokus på brukaroppleving og korleis erstatningssøkjarane tek imot og forstår informasjon frå ordningane. Det var òg erfaringsdeling om fornuftig bruk av sakkunnige, og korleis ein kan få til kompetanseoverføring frå erfarne til nye medarbeidarar.

Sett bort frå den svenske ordninga, opplevde dei andre landa ein stagnasjon eller liten reduksjon i talet krav tekne imot det siste året. Det var semje om at det ikkje er nokon enkle forklaringar på dette bildet, og at det uansett kan skuldast noko tilfeldige svingingar. Utviklinga i saksmengda i dei ulike landa er likevel eit tema vi vil følgje framover.

I 2019 skal Noreg vere vertskap for den nordiske leiarsamlinga.

Nordisk mellomleiarsamling

I september var seksjonssjef Heidi Fiksdal og seksjonssjef Frøy Høverstad på nordisk mellomleiarsamling i Helsinki.

Mellom temaa denne hausten var organisering av distansearbeid/heimekontor, organisasjonsendringar, og kommunikasjonsarbeid og bruk av sosiale medium i dei ulike landa. I samband med desse temaa var det òg diskusjonar og erfaringsdeling på fornyings- og forbetringsarbeid i organisasjonane.

Nordisk saksbehandlarsamling

I mai var saksbehandlarane Camilla Tronsgaard, Ingvill Evensen, Jørgen Engesvold og Silje Rønnekleiv i Stockholm på nordisk saksbehandlarsamling.

Hovudtemaa for seminaret var korleis «reisa» til erstatningssøkjarar ser ut frå ein søkjer erstatning til saka blir avslutta. I tillegg delte ein erfaringar om aktuelle utviklingsprosjekt dei ulike ordningane jobbar med for tida. Det var mange interessante foredrag til inspirasjon for deltakarane. NPE presenterte det pågåande arbeidet med brukarportalen Mi side.