Ny funksjon som personvernombud

EU si forordning for personvern, The General Data Protection Regulation (GDPR), blei norsk lov i 2018. Vi har gode rutinar for personvern i NPE, men forordninga set nye og strengare krav til verksemder som handterer personsensitiv informasjon.

Det nye personvernombodet i NPE, Torild Lund Andersen meiner NPE har hatt godt fokus på personvern og informasjonstryggleik, og at det òg er arbeid som må gjerast på dette feltet framover.

Skriv ut Bokmål | English | 27. februar 2019

Vi styrkte difor innsatsen vår på dette området, gjennom at Torild Lund Andersen fekk funksjon som personvernombod i NPE.

Lund Andersen var tidlegare leiar for seksjonen for IKT og dokumentforvalting, og gjekk over i funksjonen som personvernombod i juni 2018. Ho rapporterer til leiar for avdeling for juridiske oppgåver og sakkunnig utgreiing.

Personvernombodet skal mellom anna:

  • informere og gi råd til verksemda og dei tilsette
  • bidra til etterleving av forordninga og personvernpolitikken i verksemda
  • gi råd om og delta i konsekvensanalysar
  • sørgje for at personvern blir bygd inn i nye løysingar
  • fungere som kontaktpunkt mellom Datatilsynet og verksemda

- I ei verksemd som NPE har vi alltid vore nøydde til å ha eit sterkt fokus på personvern og informasjonstryggleik. Det er likevel mykje å jobbe med når det gjeld å sikre at organisasjonen tilpassar seg og følgjer det nye lovverket, seier Lund Andersen.