Team ekspress - ein god start for sakene

Inspirert av den danske pasientskadeordninga, gjennomførte NPE prosjektet Team ekspress i perioden februar til oktober 2017. Føremålet var å teste ut andre arbeidsformer ved mottak og behandling av erstatningssøknader.

Frøy Høverstad leiar eininga.

Skriv ut Bokmål | English | 28. februar 2019

Resultata i prosjektet var så gode at leiinga i NPE vedtok å opprette Team ekspress som ein ny seksjon frå seinhausten 2017.

– Team ekspress har etablert ein effektiv metode for å gå gjennom alle søknadene NPE tek imot, slik at vi får sett sakene på rett spor med ein gong, seier seksjonssjef Frøy Høverstad, som leiar eininga.

Kvalifiserer alle sakene

Team ekspress går gjennom alle nye saker som kjem inn til NPE. Teamet avklarar at det formelle er i orden, til dømes om pasienten er samtykkekompetent eller at den som har meldt saka har tilstrekkeleg fullmakt, før sakene går vidare til andre saksbehandlingsseksjonar.

Nokre saker blir avslutta raskt. Dette kan til dømes vere saker som fell utanfor ordninga og saker der det ikkje er eit økonomisk tap.

Seksjonen plukkar òg ut saker som dei meiner dei kan avklare raskare enn andre seksjonar. Dette kan vere saker som eignar seg for normvedtak eller saker som dei vurderer vil kunne ha eit kort forløp. I 2018 heldt Team ekspress att og avslutta over 1100 saker.

Må heile tida analysere

- Vi må heile tida analysere kva som er den mest effektive framgangsmåten i kvar enkelt sak. Treng vi å følgje den vanlege måten, der vi innhentar mange dokument frå behandlingsstaden og andre, eller er det tilstrekkeleg informasjon i det vi allereie har, er spørsmål vi stiller oss, seier Høverstad.

Alle saker er innom Team ekspress

Ingen andre saksbehandlingsseksjonar i NPE tek imot ei ny sak før Team ekspress har sett på saka. – Dette ser vi har noko å seie for at vi får starta alle saker på ein god måte, og vi unngår òg unødvendig utgreiing i mange saker. Det har mykje å seie for søkjarane at dei får eit raskt svar, seier Høverstad.