Vi skal få til meir! - ny strategi for 2019-2023

I 2018 har NPE jobba breitt og grundig med å utvikle ny strategi for perioden 2019-2023. Forankring og involvering er viktig når vegen framover skal stakast ut.

Skriv ut Bokmål | English | 28. februar 2019

I prosessen med å leggje ein ny strategi for verksemda, har vi vore opptekne av å involvere heile organisasjonen. Vi har òg ynskt å høyre kva nokre eksterne aktørar meiner om kva NPE bør fokusere på framover. Til å leie oss gjennom heile strategiarbeidet har vi hatt god hjelp frå Rambøll.

Oppstart med heile organisasjonen

Det heile byrja med eit stort seminar på Sundvolden i april, der alle NPEarar deltok. Gjennom samlinga diskuterte vi kva som er dei største utfordringane og moglegheitene for NPE framover. Det var nyttig med gruppearbeid og diskusjonar på tvers, alle fekk delta med innspela og tankane sine.

Intervju

I mai intervjua Rambøll alle leiarane og ein del medarbeidarar i NPE. Dei gjennomførte òg nokre intervju med representantar for eksterne aktørar, som til dømes Norsk Pasientforening, pasient- og brukaromboda, dei regionale helseføretaka og nokre advokatar som jobbar med erstatningsrett. Desse intervjua gav oss viktige innspel vi tok med oss vidare i prosessen.

Konkretisering på leiarsamling

I juni var alle leiarane samla til eit to-dagars strategiseminar. På denne samlinga jobba leiarane vidare med å konkretisere dei viktigaste strategiske områda dei neste fem åra.

Arbeidsgrupper formulerte mål og ambisjonar

For å ytterlegare konkretisere kva strategiske område vi skal fokusere på, oppretta vi tre arbeidsgrupper som fekk i oppgåve å formulere forslag til mål og ambisjonar knytte til forenkling, framtidsretta leiing og den gode arbeidsplassen.

Arbeidsgruppene bestod av 6-7 medarbeidarar, med bakgrunn frå heile verksemda. Tillitsvalde var òg representerte i alle arbeidsgruppene.

God forankring hos dei tillitsvalde

Undervegs i prosessen har leiinga i NPE hatt møte med dei tillitsvalde for å sikre at medarbeidarane er fortrulege med retninga på arbeidet. Leiinga opplever at det har vore eit godt samarbeid med dei tillitsvalde i strategiprosessen.

Endeleg strategi klar

I desember blei arbeidet med strategien avslutta. Strategien har fått namnet «Vi skal få til meir!». Den strategiske hovudmålsettinga er «Vi skal redusere saksbehandlingstida ved å forenkle måten vi jobbar på», og for å byggje opp under den strategiske hovudmålsettinga er det utarbeidd fire strategiske satsingsområde som handlar om tidsbruk, kompetanse, avgjerdsprosessar og digitalisering. Den nye strategien blir lansert i verksemda på nyåret 2019.