No kan erstatningssøkjarar følgje saka på Mi side

I 2018 lanserte NPE Mi side. På Mi side kan erstatningssøkjarane følgje saka si. Søkjarane kan sjå dokument i saka, følgje saksgangen og sjølv laste opp dokument og gi kommentarar. Dei får varsel på SMS når det har skjedd noko nytt i behandlinga av saka deira.

På Mi side kan erstatningssøkjar enkelt følgje med på saka si i NPE.

Skriv ut Bokmål | English | 26. februar 2019

– Mi side er ei løysing der søkjaren enkelt kan følgje med på saka si. Dette veit vi mange har ynskt seg, så vi er fornøgde med at vi no kan tilby tenesta til brukarane våre. I tillegg bidreg løysinga til å effektivisere saksbehandlinga i NPE, seier kommunikasjonsdirektør Øydis Castberg, som har leia arbeidet med løysinga.

Gode tilbakemeldingar i testperioden

Prosjektet hadde oppstart i 2017, og ein test-versjon av løysinga blei lansert oktober i 2018. Rundt 150 brukarar har testa løysinga sidan oppstarten.

– Tilbakemeldingane frå testbrukarane våre har vore veldig gode. Dei opplever at det er ein oversiktleg måte å følgje saka si på, og at det er lett å halde seg oppdatert, seier Castberg.

– Det tekniske har òg fungert godt. I 2019 kjem vi til å utvide tilgangen, slik at fleire erstatningssøkjarar får gleda av å bruke løysinga.

Brukarmedverknad i utviklinga

Undervegs i utviklinga har det vore viktig å samle inn erfaringar og brukaropplevingar. Det har vore gjennomført telefonintervju både internt og eksternt, og brukartestar av løysingsforslag.

– Brukartestane har vore veldig viktig i utviklingsarbeidet, seier Castberg.

– Til dømes blei det fyrste løysingsforslaget forkasta fordi brukartestane viste at det ikkje oppfylte behova til brukarane på ein god måte. Då justerte vi kursen etter innspela, og på den måten har vi klart å lage ei betre løysing.

God tryggleik er viktig

Undervegs i heile utviklingsløpet har det vore fokus på at tenesta skal vere sikker.

- Vi er svært opptatte av å ivareta personvernet og ha topp tryggleik på løysinga. Du skal få tilgang til saka di, og ingenting anna. Ingen andre skal sjå informasjonen din, så tryggleik i alle ledd har vore essensielt i utviklinga.

Samarbeid med Helseklage

Arbeidet med Mi side har vore eit samarbeidsprosjekt mellom NPE og Helseklage. Samarbeidet gir effektiviseringsgevinstar på tvers av etatane. Det gir òg dei som eventuelt klagar på vedtaka frå NPE ei mogleigheit til å halde fram å følgje saka si gjennom Mi side i Helseklage, som er lik løysinga i NPE.

– Det er positivt å ha eit slikt samarbeid med Helseklage, seier Castberg. – Då deler vi kompetanse og utviklingskostnader, i tillegg til at brukarane opplever det som enkelt å halde fram å følgje saka si vidare hos Helseklage, om dei klagar på vedtaket vårt, avsluttar ho.