Strategiske mål 2015-2018

Her finn du NPE sin strategi for verksemda i perioden 2015-2018.

Strategi 2015 - 2018

Skriv ut Bokmål | English | 22. januar 2019

NPE skal vere:

1. ein brukarorientert organisasjon som utfordrar eigne arbeidsmåtar og jaktar på tidstjuvar

  • Vi etterlever kvalitetsomgrepet «Raskt og riktig» i alt vi gjer
  • Vi jobbar saman med brukarane for å forbetre oss
  • Vi arbeider systematisk med kontinuerleg forbetring

2. ein samfunnsmedviten aktør med godt omdøme

  • Vi deltek aktivt i samfunnsdebatten
  • Vi er etablert som ein kunnskapsrik organisasjon
  • Vi er ein open og profesjonell organisasjon
  • Vi bidreg til betre pasienttryggleik

3. ein organisasjon som samhandlar med andre for å sikre god digital saksflyt

  • Vi har gode digitale løysingar for brukarane våre
  • Vi har digital saksflyt med dei største helseføretaka
  • Vi arbeider med samarbeidspartnarana våre for å finne nye digitale løysingar

4. ein lærande kompetanseorganisasjon

  • Vi har medarbeidarar som har god dialog med brukarane
  • Vi har dyktige og engasjerte medarbeidarar som utviklar og deler kompetanse
  • Vi har engasjerte og tydelege leiarar