III. Årets aktivitetar og resultat

Skriv ut Bokmål | English | 28. februar 2019

Frå tildelingsbrevet for 2018 frå Helse- og omsorgsdepartementet:

Hovudmål

Rask og god saksavvikling skal ha høgaste prioritet i Norsk pasientskadeerstatning sitt arbeid. Balansen mellom kor nøye ein skal vere og tidsbruken skal vurderast kontinuerleg.

Styringsparameter:

  • 70 % av sakene der erstatningssøkjaren er tilkjend erstatning (medhaldssakene) skal vere ferdigbehandla innan det har gått 24 månader.
  • Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for desse sakene skal ikkje overstige 22 månader.
  • 85 % av sakene der erstatningssøkjaren ikkje blir tilkjend erstatning (avslagssakene) skal vere ferdigbehandla innan det har gått 12 månader.
  • Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for desse sakene skal ikkje overstige åtte månader.

    Resultat: Sjå tabell med nøkkeltal.

Spesielle oppdrag i tildelingsbrevet for 2018

  • Norsk pasientskadeerstatning og NPE skal i løpet av 2018 kome med ei vurdering av framtidig behov/innretting for utvikling av IKT-systema i NPE og Helseklage.

    Resultat: NPE og Helseklage sende ei felles vurdering til departementet i desember. Der skildra vi utviklingsbehov og samarbeidet mellom NPE og Helseklage framover på IT-området.

  • NPE skal utarbeide utkast til forskrift om utrekning av meinerstatning ved pasientskadar.

    Resultat: Sjå omtale i eiga sak i årsrapporten.

  • NPE skal hjelpe departementet med å fastsetje nye tilskotssatser for privat helseteneste.

    Resultat: Sjå omtale i eiga sak i årsrapporten.

Administrative prioriteringar/fellesføringar i tildelingsbrevet for 2018

  • Offentlege oppdragsgivarar har som innkjøparar av varer og tenester eit særskilt ansvar for å motverke arbeidslovskriminalitet. Norsk pasientskadeerstatning skal ved tildeling av oppdrag, og i oppfølging av inngåtte kontraktar, sikre at leverandørane deira følgjer lover og reglar. I årsrapporten skal NPE gjere greie for resultat frå oppfølging av inngåtte kontraktar og korleis innkjøpa til verksemda er innretta for å gjennomføre dette omsynet.

    Resultat: Som eit ledd i konsernmodellen for administrative tenester i den sentrale helseforvaltinga (sjå omtale i eiga sak i årsrapporten), blei oppgåver knytte til innkjøp flytta til Norsk Helsenett (SF) 1. januar 2017. NPE påverkar gjennom innspel til kravspesifikasjonar i fellesavtalar. NPE har få verksemdsspesifikke innkjøp utover sakkunnigtenester.

  • Regjeringa har sett ambisiøse mål i regjeringsplattforma for inntak av lærlingar i offentlege verksemder. Helse- og omsorgsdepartementet ber om at NPE vurderer moglegheita for å ta inn lærling(ar) i verksemda.

    Resultat: NPE har lagt til rette for å kunne ta inn lærlingar. Ved utgangen av året ventar vi på formell stadfesting på at vi blir tekne opp som lærlingverksemd.

  • NPE skal arbeide systematisk for å realisere inkluderingsdugnaden til regjeringa, og utvikle rutinar og arbeidsformer i personalarbeidet med sikte på å nå måla for dugnaden. I årsrapporten skal NPE gjere greie for korleis rekrutteringsarbeidet i etaten har vore innretta for å nå 5 %- målet og dei andre måla for inkluderingsdugnaden.

    Resultat: I rapporteringsperioden frå 1. juli 2018 har NPE har hatt færre enn fem rekrutteringsprosessar og rapporterer difor ikkje måltalet i år. HR-seksjonen har ansvar for å vurdere alle søkjarlister ut frå målsetjingane i dugnaden og å sørgje for at føringane blir tatt vare på ved alle nytilsetjingar.