IV. Styring og kontroll i verksemda

Skriv ut Bokmål | English | 26. februar 2019

Instruks for verksemda i NPE

NPE har tre instruksar: «Instruks for Norsk pasientskadeerstatning», «Instruks for fond for pasientskadeordningen– offentlig helsetjeneste» og «Instruks for fond for pasientskadeordningen – privat helsetjeneste».

Løns- og rekneskapstenester

NPE brukar Direktoratet for økonomistyring (DFØ) som leverandør av løns- og rekneskapstenester etter ein fullservicemodell. DFØ er òg leverandør av rekneskapssystemet vårt Agresso og fakturahandteringssystemet Contempus.

Internkontroll og risikostyring

NPE har etablert eit system for internkontroll. Systemet omfattar rutinar, oppfølging, kontroll og avvikshandtering på viktige område i verksemda. Som ein del av dette har vi rutinar for risikovurdering og -oppfølging. Vi følgjer spesielt opp dei viktigaste måla i strategien og verksemdsplanane i tillegg til økonomiforvaltinga vår.

Vi rapporterer på prioriteringar, resultatmål, nøkkeltal og budsjett til Helse- og omsorgsdepartementet etter fastlagde rutinar og struktur. Direktøren delegerer budsjettmidlar internt i verksemda gjennom disponeringsskriv til budsjettansvarlege leiarar. Vi utarbeider oversikt over attestasjons- og budsjettdisponeringsmynde og har valt å stille krav om dobbel godkjenning for alle transaksjonar.

Personvern

NPE handterer ei stor mengd sensitive personopplysingar. Vi er opptekne av å handtere desse opplysingane på ein trygg og forsvarleg måte. Vi har eit internkontrollsystem for oppfølging av krav i personvernlovgivinga. I 2018 arbeidde vi med å avklare kva innverknad den nye forordninga til EU for personvern, General Data Protection Regulation (GDPR), har for verksemda i NPE. Vi oppretta ein funksjon som personvernombud som ei følgje av dette arbeidet.

Helse, miljø og tryggleik (HMS)

NPE har eit internkontrollssystem for å følgje opp HMS-lovgivinga. Vi har arbeidsmiljøutval, verneombod og er knytt til bedriftshelseteneste. Vi har rutinar for å ta vare på tryggleiken for dei tilsette i dialogen med brukarane våre.

Miljøleiing

NPE er ei kontorverksemd som ikkje påverkar det ytre miljøet i særleg grad. Vi ynskjer å vere ei miljømedviten verksemd, og følgjer opp arbeidet med miljøleiing gjennom årlege gjennomgangar av status og prioriteringar i leiinga.