Interne fagnotat publisert på npe.no

Vi har mange interne fagnotat i NPE. Fagnotata er ei rettleiing til saksbehandlarane om korleis vi forstår og praktiserer regelverket innanfor ymse tema. Fagnotata bidreg til at vi behandlar like saker likt, og er eit godt oppslagsverk for saksbehandlarane.

Skriv ut Bokmål | English | 26. februar 2019

Notata er utarbeidde av medarbeidarar i avdelinga for juridiske oppgåver og sakkunnig utgreiing i dialog med saksbehandlingsmiljøet i verksemda.

Eit par år attende byrja vi å leggje ut fagnotata på npe.no. Dette gjer vi for å vise at vi er opne rundt korleis vi vurderer sakene.

Fagnotata vi har publisert på nettsidene er valde ut fordi dei handlar om sentrale tema innan behandlinga av pasientskadesaker. Målgruppa for desse fagnotata er i utgangspunktet profesjonelle aktørar som jobbar med pasientskadesaker, som til dømes advokatar. Samtidig er vi opptekne av at notata òg kan lesast av privatpersonar som er interesserte i temaa.

Medarbeidarar i kommunikasjonsavdelinga har gått gjennom fagnotata saman med dei juridiske spesialistane som har utarbeidd notata. Gjennomgangen har medverka til at notata er lettare å lese for personar utanfor NPE.

Arbeidet med å gjennomgå og publisere fagnotat på nettsidene vil halde fram i 2019.