Arbeidstilpassing gjer det mogleg for 70-åring til å bidra framleis

I januar fylte Åge Andre Nilsen 70 år. Eit langt arbeidsliv går mot slutten. Men for Åge er 70 berre eit tal, han held fram vidare i NPE på deltid på pensjonistvilkår. – Eg synest framleis dette er interessant, eg lærer noko heile tida. Ingen dagar er like, og eg synest det er fint at eg kan bidra litt til, seier den nybakte 70-åringen.

Skriv ut Bokmål | English | 26. februar 2019

Åge har jobba i NPE i to omgangar. Fyrst i perioden 1990-1994. Etter ti år i forsikringsbransjen, var han tilbake hausten 2005. I januar 2019 går han av med pensjon, men skal halde fram å jobbe med utrekning av erstatning i kreftsaker tre dagar i veka.

Tilpassingar i arbeidssituasjonen er viktig

NPE er opptekne av å leggje til rette for å tilpasse arbeidssituasjon og livssituasjon. - Det som har blitt lagt til rette for meg som senior er heilt unikt, fortel Åge.

Han er busett utanfor Hønefoss, og har lang reiseveg inn til kontoret i Oslo. Han har hatt fast heimekontor, og dei siste to-tre åra har han jobba heimefrå tre dagar i veka.

- Utan moglegheit for heimekontor, hadde eg slutta ved 67, kanskje endå før. Så den moglegheita har vore heilt avgjerande for meg å kunne halde fram i jobben, seier han.

Åge har erfaring som sjølvstendig næringsdrivande, så han er van med å ha godt tempo og gode arbeidsrutinar òg når han jobbar heimefrå.

- Eg opplever NPE som ein veldig god arbeidsplass. Ingen dag er lik, eg får heile tida nye utfordringar. Eg har fullmakter, eg blir stolt på og har eit sjølvstende i jobben min. Tek ein ansvar, får ein ansvar, seier han.

Gjevande oppgåver

Den blide 70-åringen fortel at mange ikkje forstår korleis han orkar å gjere dette dag etter dag.

Det er ei personleg glede å hjelpe folk med det han kan, nemleg å bidra til at dei får dekt dei økonomiske kostnadene skaden har ført til:

– Eg får ei stor kjensle av å bidra i livet til mange menneske. Så i møte med desse menneska går eg gjerne derifrå med ei god kjensle, sjølv om det er mange vanskelege skjebnar, seier han.

Åge er oppteken av å møte folk med forståing. - Eg veit kva dette gjer med folk, eg har sjølv opplevd å miste faren min til kreft i ung alder, seier han vidare.

Han fortel at han av og til møter pasientar som gjer så mykje inntrykk at det ikkje berre er å leggje det vekk når arbeidstida er slutt. – Nokre gonger har det vore vanskeleg å leggje frå seg saker. Det verste er unge kvinner med små born, som veit dei skal døy av kreften, då klarar eg ikke heilt å leggje det frå meg.

Har fått jobbtilbod

Åge innrømmer at han har fått jobbtilbod frå advokatar, når dei har høyrt at han skal gå av med pensjon. - Eg synest det ville blitt rart å byrje i eit advokatfirma, etter mange år i NPE. Det er betre at eg får halde fram å jobbe deltid i NPE, smiler han.

- Som senior må ein framleis ha utfordringar. Eg hadde nok ikkje blitt her hvis eg ikkje hadde interessante oppgåver. NPE er ein god arbeidsgivar som gir meg sjansen til å jobbe, òg etter fylte 70. Eg har litt lopper i blodet, eg klarar ikkje å setje meg ned i godstolen og bli der. Det passar ikkje for meg, avsluttar han.