Med fokus på kompetanse og opplæring

NPE er ei kompetanseverksemd der den viktigaste ressursen vår er den kunnskapen medarbeidarane våre har. Kompetanseutvikling er difor eit prioritert og viktig område for oss.

Coaching av medarbeidar

Skriv ut Bokmål | English | 26. februar 2019

Gjennom prosjektet «Kompetanse og opplæring» har vi landa prioriterte utviklingstiltak, som vi no jobbar med. Eit fast opplæringsutval, samansett av medarbeidarar frå ulike fagområde, har utarbeidd eit forslag til korleis vi kan revidere opplæringsprogramma våre. Ambisjonen er å ferdigstille ein ny plan med systematisert og strukturert introduksjonsopplæring, og klare løp for framtidig læring.

Læringsplattform

Vi har òg starta arbeidet med å ta i bruk ei digital læringsplattform. Med plattforma vil det vere mogleg for oss å administrere kurs og opplæring digitalt, basert på kva rolle du har i organisasjonen. Her vil vi òg kunne lage og utvikle eigne e-læringskurs.

Organisering av opplæringa

Parallelt med arbeidet har vi òg testa ut nye måtar å organisere opplæringa på. Konkret har vi rigga opp to felles opplæringsrom. Her sit fire saksbehandlarar saman med ein meir erfaren saksbehandlar og lærer i fellesskap. Denne opplæringsforma handlar i stor grad om praktisk læring, skulder ved skulder, med færre formelle kurs og tettare oppfølging. Så langt har dette hatt ein svært god effekt på læringa. Vi ser at det er ein fordel å ha faste avsette opplæringsressursar som er «hands on» på nivå, behov og gjennomføring - og som sikrar ei meir einsarta opplæring.

Vegen vidare

Dette handlar i stor grad om å tenkje nytt og annleis, pedagogisk og framtidsretta. Skal vi lukkast må vi vere endringsvillige og engasjerte i alle ledd. Det krev godt samarbeid på tvers og vilje til kompetansedeling.