Pasienttryggleiksarbeidet må byggje på kunnskap

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) innvilgar årleg erstatning til cirka 1 400 pasientar og pårørande. Sidan erstatningsordninga blei etablert som ei prøveordning i 1988, har nesten 27 000 pasientar og pårørande blitt tilkjende erstatning, skriv Ida Rashida Khan Bukholm, fagsjef pasienttryggleik hos NPE.

Skriv ut Bokmål | English | 22. mars 2019

I over 90 prosent av sakene der vi tilkjenner erstatning skjer dette på bakgrunn av ei vurdering av at pasienten er påført ein skade, som følgje av ei eller anna form for svikt i helsehjelpa.

Dei vanlegaste årsakene til at pasientar får erstatning er svikt i behandling og diagnose.

Skadar

Skadar knytte til behandling skjer oftast på grunn av feil behandlingsteknikk eller behandlingsmetode, ufullstendig eller ikkje igangsett behandling, at det ikkje var tilstrekkeleg grunnlag for den behandlinga som blei gitt (gjerne operativt inngrep), eller at det var mangelfull sikring, overvaking eller tilsyn av pasienten. Nerveskade eller skade på vev som følgje av feil utført kirurgi i samband med eit ortopedisk inngrep, er eit typisk eksempel på ein skade som skuldast svikt i behandlinga.

Skadar knytte til diagnostikk skjer primært ved at funn ikkje blir følgt opp, feiltolking av prøvesvar eller klinisk undersøking, at det ikkje blei rekvirert prøve eller undersøking, eller at ein har feiltolka symptom i ein akuttsituasjon. Eit nokså vanleg eksempel på skade som skuldast diagnosesvikt er at symptom på kreft i tjukktarm, endetarm, lunge eller bryst ikkje blir følgt opp med dei rette undersøkingane, slik at pasienten får ein forseinka diagnose.

Vi ser i mange av sakene at svikt i helsehjelpa har gitt alvorlege pasientskadar. Det kan mellom anna vere forverra sjukdomsforløp, meir omfattande behandling, dårlegare sluttresultat, redusert prognose og dødsfall.

Forbetringsområde

Sakene som NPE behandlar inneheld difor mykje informasjon om forbetringsområde, noko som kan og bør brukast i arbeidet med å gjere helsetenesta betre. Fordi det er pasientar og pårørande som melder sakene til NPE, gir materialet dessutan viktig utfyllande kunnskap til andre meldesystem. Det er ei kjelde til kunnskap om feil som skjer i helsetenesta, og ikkje minst konsekvensen for pasientane av desse feila.

Mange pasientar er i kontakt med primærhelsetenesta, dei fleste hos fastlegen. Systematisk svikt her har konsekvensar for mange, og det gir dermed òg stor gevinst når forbetringstiltak blir sett i verk. Primærhelsetenesta har per i dag ingen nasjonale meldesystem for uynskte hendingar. Sidan NPE òg tek imot saker frå primærhelsetenesta, vil analyse av dette materialet kunne bidra til å identifisere viktige forbetringsområde.

Erfaringsmateriale

Det er i helsetenesta og den sentrale helseforvaltinga at sjølve forbetringsarbeidet går føre seg. For NPE er det viktig å gjere det erfaringsmaterialet vi sit på kjent og tilgjengeleg for helsetenesta og forskarar. Dette prøver vi å oppnå gjennom utstrekt kontakt med miljø som jobbar med pasienttryggleik, og i prosjekt som brukar erfaringsmaterialet.

Eksempel på det siste er eit doktorgradsprosjekt som analyserer medhald innanfor mage-tarmkirurgi, og eit anna doktorgradsprosjekt som gjer ein systematisk gjennomgang av medhald som gjeld gynekologi og gynekologisk kreft. I tillegg har vi ein analyse av medhaldssaker som gjeld feiltolking av celle- eller vevsprøvar, og gjennomgang av saker knytte til forseinka diagnostikk av kreft.

I pasienttryggleiksarbeidet er det viktig med eit samarbeid mellom mange miljø for å få eit best mogleg heilskapleg bilde av kva som kan gå gale. Eit slikt heilskapleg bilde er ein viktig, ja avgjerande, føresetnad for å prioritere rett ved val av område det må satsast på.